Samtalen mellom kultur- og likestillingsministeren og biskopen er ein av biskopen sine temakveldar i Verdiåret 2024 og blir moderert av domprost Gudmund Waaler.
Festframsyning
Dei guddommelege søstre, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, kviskrar, skrik, kjempar og syng for oss i ei unik festframsyning. Med nyskrivne tekstar og fleirstemde salmar og folketonar, feirar vi dydane som bind oss saman som borgarar og medmenneske.
Då den norske staten vart skapt på 1100-og 1200-talet, og Noreg gjekk frå eit vikingsamfunn til å følgje Magnus Lagabøtes landslov, spelte historia frå Bibelen om dei fire guddommelege søstrene ei heilt sentral rolle. Til og med på vestveggen til Nidarosdomen finn du dei, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, som ei påminning om å verne demokratiet og ta dei med inn i framtida.
Denne kvelden vert dei fire guddommelege søstrene løfta fram og inn i vår eiga tid av skodespelarar frå Den Nationale Scene og tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn. Med er også det prislønna vokalensemblet Multa Paucis og musikarane Karl Seglem og Kåre Opheim.
Kunstnarleg konsept: Ragnhild M. Gudbrandsen
Tekstar: Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn
Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen
Musikalsk produsent: Helge Lilletvedt
Musikarar: Karl Seglem, Kåre Opheim
Skodespelarar: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Tomine Mikkeline Eide, Katrine Dale, Ragnhild M. Gudbrandsen
Dirigent: Mikael Hedné
Kor: Multa Paucis
Lysdesign: Thale Tollefsen
Festframsyninga er ein samproduksjon mellom Gulatinget 2024 og Den Nationale Scene. I samarbeid med Bergen kirkeautunnale – Kyrkjekultur Vest – Bjørgvin kirkeakademi og Bjørgvin bispedøme. Den har fått særskilt tilskot frå Vestland fylkeskommune i høve Landslovsjubileet i Vestland.
Billett: 250,- kr. Lenke til billettsal nedst på sida
Temakveldane er ein del av Landslovjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.
Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.
NB! Temakvelden med festframsyninga er ferdig i tide til at du kan få med deg konserten "Pilegrim" med Janne Mark trio og Arve Henriksen i Nykirken kl. 20.