Kven er Guds fire døtre?

Eldgamle verdiar for vår tid pregar den første av seks temakveldar som du kan få med deg i Bergen domkirke torsdag 22. februar. Professorane Jørn Øyrehagen Sunde og Alf Tore Hommedal er gjester når biskop Ragnhild ønskjer velkomen til føredrag og samtale om «Guds fire døtre» - Miskunn, rettferd, fred og sanning. Leiar i komiteen for Landslovsjubileet i Vestland, fylkesordførar Jon Askeland, opnar.

Guds fire døtre, slik dei er framstilt av Anne Hesvik. Foto: Bo Mathys

"Guds fire døtre" er fire dygder som er sentrale i Magnus Lagabøtes landslov. Ved kvar domsavseiing skulle ein ta med kvar av desse for at ein dom kan seiast å vere opplyst, så den var rettferdig. 
Biletet av dei fire døtrene er henta frå Salme 85 i Bibelen, der det heiter at miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre: 
Miskunn skal passe på så ikkje vondskap eller hat kjem i domen; sanninga må verte høyrt så ikkje løgn skal få avgjere om nokon blir dømt,  rettferda skal sjå til at urett ikkje gjer skade på domen, og fred skal sjå til at ikkje for harde domar blir felte i vreide. 
 
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie og kjent som ein engasjerande formidlar.  Guds fire døtre er eitt av hans favoritt-tema. Han fekk uvanleg lang applaus då han snakka om dette for 500 deltakarar på Stiftsdagane i Bjørgvin.
Alf Tore Hommedal er professor ved Universitetsmuseet I Bergen, avdeling for kulturhistore. Han har rike kunnskapar om Bergen på Magnus Lagabøte si tid.
 
Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke.  Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland.
Temakveldane er støtta av Bergens Riksmålsforening.
Inngang kr. 100,-  Vipps nr 90786

Mange temakveldar å gle seg til

Det blir fleire temakveldar i "Verdiåret 2024" der jubilea for Kristenretten 1000 år og Magnus Lagabøtes landslov 750 år ligg under som premissleverandør. 

21. mars kl. 19.00  Miskunn - bioteknologi og fosterdiagnostikk
Gjest: Geir Sverre Braut, medlem av Bioteknologirådet

25. april kl. 19.00  Guds fire døtre i kunsten
Gjest: Professor emeritus Gunnar Danbolt

19. september kl. 18.00  Om tru
Gjest: Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Guds fire døtre - lesing og musikk
v/Den Nationale Scene og Kykjekultur Vest A/S

31. oktober kl. 19.00  Rettferd - reformasjonsdagen
Gjest: Professor Paul Otto Brunstad

21. november kl. 19.00    Fred - Cross of Nails
Gjest: Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve

Landslovsjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom:

Logorekke landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedøme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"