Biskopen oppmodar alle i Bjørgvin til å støtta årets TV-aksjon 22. oktober. I år går pengane til Redd Barna. – I tillegg til å gje, kan ein melda seg som bøsseberar og dermed sørga for at det kjem inn ekstra mange pengar, seier biskopen.
Biskop Ragnhild og fylkesaksjonsleiar i TV-aksjonen, Marte Eggum, oppmodar mange til å delta som bøsseberar og gjevar ved årets TV-aksjon til Redd Barna.
TV-aksjonen NRK 2023 går til Redd Barnas arbeid for å hjelpe barn som er råka av krig og konflikt. Kvart sjette barn i verda veks opp i krig og konflikt, og det har aldri vore så mange barn på flukt som no. Årets TV-aksjon går til tiltak som gjer familiane, skulane og nærmiljøa tryggare for barn i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og Noreg.
– Vi er glade for viktige bidrag frå kyrkjene i TV-aksjonen. Mange er med som bøsseberarar, nokre kyrkjer er lokal base for innsamling og mange stader går offeret denne søndagen til TV-aksjonen, seier Marte Eggum som er fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Vestland.
Meld deg til innsats ved å klikka på lenka nedst på sida.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert