47 ungdommar frå ulike kyrkjelydar fekk oppleve oppløftande foredrag, utfordrande workshops og godt fellesskap kring lovssong, tru og måltider.
Ungdomstinget var ein del av Veikryss. Først var ungdommane med på eitt av to seminarer der dei snakka om tema «seksualitet og porno» og «rekruttering». Dei viste enormt engasjement, og på ungdomstinget haldt diskusjonen fram om kva ein skulle vedta som satsingar for ungdomsarbeid og Ungdomsrådet i Bjørgvin. Eit nytt Ungdomsråd blei vald, og dei er svært motiverte for det neste året.
På Veikryss vart det tydeleg kor viktige ungdomsleiarane er for kyrkjelydane i bispedømmet. Stemninga, samtalane og innsatsen denne helga vitnar om dyktige og engasjerte ungdomsleiarar. Veikryss 2019 er over, og vi byrjar å glede oss til Veikryss 2020.
Namn på Ungdomsrådet 2019:
Sarah Halseide - Olsvik
Thea Koppen Blomvågnes - Fedje
Torstein Grimen - Birkeland
Andrea Jasmin Epure Johannessen - Birkeland
Patrick Andre Byrkjeland - Fana
Isak Emil Våge - Foldnes
Frida Bergquist - Slettebakken
Elias Eckhoff - Birkeland
Mathias Øgaard - Slettebakken