Leiar i komiteen for Landslovsjubileet i Vestland, fylkesordførar Jon Askeland, opna. Det var også mellomaldertonar framførte av Alf Tore Hommedal, biskop Ragnhild og domkantor Kjetil Almenning før dei to engasjerte professorane fekk formidla kunnskap om Magnus Lagabøte, fransiskanarane, Landslova og Bergen for 750 år sidan framfor dei over 200 som var møtt fram.
Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke. Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland.
Temakveldane er støtta av Bergens Riksmålsforening.
Inngang kr. 100,- Vipps nr 90786
Mange temakveldar å gle seg til
Det blir fleire temakveldar i "Verdiåret 2024" der jubilea for Kristenretten 1000 år og Magnus Lagabøtes landslov 750 år ligg under som premissleverandør.
21. mars kl. 19.00 Miskunn - bioteknologi og fosterdiagnostikk
Gjest: Geir Sverre Braut, medlem av Bioteknologirådet
25. april kl. 19.00 Guds fire døtre i kunsten
Gjest: Professor emeritus Gunnar Danbolt
19. september kl. 18.00 Om tru
Gjest: Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Guds fire døtre - lesing og musikk
v/Den Nationale Scene og Kykjekultur Vest A/S
31. oktober kl. 19.00 Rettferd - reformasjonsdagen
Gjest: Professor Paul Otto Brunstad
21. november kl. 19.00 Fred - Cross of Nails
Gjest: Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve
Landslovsjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: