Livsnære grupper er "små fellesskap i den store fellesskapen".

Bli med i eit husfellesskap i Arna kyrkjelyd

Livsnære grupper er "små fellesskap i den store fellesskapen".

I Arna kyrkjelyd legg vi til rette for at alle som ønskjer det, kan få vera med i eit mindre fellesskap -
Husfellesskap -  i tillegg til gudstenestefellesskapet. 

  • Husfellesskapa har som program at dei skal vera livsnære. Det inneber at dei har som mål å angå livet og kvardagen.
  • Eit Husfellesskap er ein stad der det mogeleg å snakka om tru og truserfaringar.
  • Husfellesskap samlast regelmessig i private heimar - enten i same heimen kvar gong, eller hos (somme av) gruppemedlemane etter tur.
  • Husfellesskap er forpliktande.  Med­lemane prioriterer samlingane høgt. Sjølvsagt er det mogeleg å slutta i et husfellesskap, men så lenge ein er med, er ein med. Dei fleste gruppene våre møtest kvar 14. dag.
  • Husfellesskap har 2 brennpunkt: Bibelen og livet. Ein snakkar saman om livet og kvardagen med Bibelen på bordet. I møte med bibel-teksten er spørsmålet: På kva måte angår dette meg? På kva måte hjelper denne bibelteksten meg å leva i  kvardagen?
  • Husfellesskap er vekstgrupper—dobbel meining:
    - Det er stad for åndeleg vekst.
    - Men gruppa har også ein “ledig stol”, og det er mogeleg å invitera inn nye medlemar. Dersom gruppa vert for stor, kan ho delast ved at somme av medlemane dannar ei ny gruppe.
  • Husfellesskap står i samanheng med gudstenesta. Det  inneber at det vanlegvis er samanheng mellom det ein har føre seg i gruppene og det gudstenesta sundagen før eller etter, handlar om. Til enkelte gudstenester blir det utarbeidd sam­taleopplegg. Ofte er ei gruppe vertskap for ein enkel kyrkjekaffi. Somme tider kan dei òg ha andre oppgåver i guds­tenesta.
  • I eit Husfellesskap skal medlemane få tena kvarandre "kvar med den nådegåve han har fått" (1 Pet 4,10), og medlemane interesserer seg for kvarandres kvardag.

 

Har du lyst å vere med i eit husfellesskap? Ta kontakt med Nina Hjort Zinke 975 97 732

 

Ei samling i eit husfellesskap kan  til dømes gå føre seg slik:

  • Sosialt fellesskap over eit enkelt måltid mat (30 min).
  • Tilbeding, lovsong og takk til Gud (15 min).
  • Fokus på Guds ord. Målet er ikkje berre auka kunnskap, men vekst og utvikling. Deltakarane skal hjelpa kvarandre til å veksa som Jesu læresveinar (45 min).
  • Bøn for og med kvarandre. Her fokuserer vi på livet og kvardagen: Det som tyngjer og det som gir oss glede, eller på tema vi var inne på i samtalen (30 min).

Fokus på ting utanfor gruppa. Det er også eit mål at den enkelte skal utvikla seg når det gjeld å nå ut til andre. Difor kan ein òg bruka tid på å snakka om, førebu, eller be for, aktivitetar utanfor gruppa: Kva skal vi bidra med i gudstenesta, korleis etablera kontakt med andre og invitera dei til fellesskap, kva kan gruppa bidra med inn i Hjartebanken .......?

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"