Vi rekker våre hender frem, NoS 678
T Svein Ellingsen
M Trond Kverno
1 Vi rekker våre hender frem
som tomme skåler.
Kom til oss, Gud, og gi oss liv
fra kilder utenfor oss selv.
2 Alt godt, til vårt og andres vel,
er dine gaver.
I svakhet fremmer du ditt verk,
vår bare kvist skal skyte knopp!
3 Vi løfter våre hender opp
i bønn for verden.
La dem som lider, finne vern
mot kalde hjerters is og sne!
4 La våre henders nakne tre
få blomst og blader.
La våre liv få bære frukt
til legedom for andres sår!
5 Vi venter, efter smertens vår,
din nådes sommer.
Og sorg og glede blir til vekst
med frukt vi ikke selv kan se.
6 Din nådes skaperverk skal skje
i tomme hender.
O Gud, all godhets giver: Kom,
ta bolig i vår fattigdom!
Svein Ellingsen gjekk bort den 5. april, 90 år gamal. Han var både biletkunstnar og ein høgt vyrd salmediktar. Han har heile 58 salmetekstar og -gjendiktingar i salmeboka! Eg har lese mange av dei i dag.
'Vi rekker våre hender frem' blir ofte brukt til nattverd. Dette har farga kva eg har lese inn i den. Men i dag traff den meg på ein ny måte.
Heile vitsen med poetisk språk er at det får sagt noko meir enn dei vanlege orda me brukar og brukar, heile dagen. Prøver eg å fange sjølve poesien med eit slikt språk, kjem eg til å drepe den.
Eg prøver likevel å peike i retning: Det er så mykje som er usikkert om dagen. Me gjer så godt me kan, alle saman, å følgje dei råda og pålegga som blir gjevne av ekspertane. Og ekspertar over heile verda gjer ikkje anna enn å samle og samanlikne kunnskap og erfaring. Likevel blir det stadig understreka at me veit lite om mekanismane som driver dette her.
Me gjer så godt me kan, men me kjenner ikkje konsekvensane av kva me gjer.
La våre henders nakne tre få blomst og blader. O Gud, all godhets giver: Kom, ta bolig i vår fattigdom!
Takk, Svein Ellingsen. Og takk for poesien, som let ord me trudde me kjende få ny meining når me treng den.
av Ingrid Eriksen Hagen