Vi bærer mange med oss, NoS 615
T Svein Ellingsen
M Bedrich Janaček
1 Vi bærer mange med oss i dag når vi går frem.
Hva Kristus gav og gir oss, er også gitt for dem.
Du dekker bord til alle, her er de døptes hjem,
vi bærer mange med oss, o Gud, vi ber for dem.
2 Vi ber for dem vi savner mens vi er samlet her,
for dem som går med uro i tvilens vind og vær,
for dem som vi har såret og drevet bort fra deg,
for dem som høster smerte av våre ja og nei.
3 Vi ber deg for de mange som kjenner andres dom,
for dem som vi har sviktet og ikke brydd oss om.
Vi ber deg, Gud, om nåde, vi ber i manges sted:
Gi at vi bringer med oss velsignelse og fred.
Av ein eller anna grunn har alltid denne salmen fått meg til å kjenne meg littegrann utanfor. Det er rart, den handlar jo om det motsatte. Om å hugse på dei som ikkje er her – fordi dei ikkje kan, eller tør, eller vil. Om dei som kjenner at dei ikkje er ønska.
Men den set liksom fokus på det der med innanfor og utanfor. Og då må eg liksom identifisere meg med det eine eller det andre.
Det er kjipt. At me menneske er har i oss at me skal bestemme oss for kven som er med, og kven som ikkje er det. Kven kan me identifisere oss med, og kven er «dei andre». Kven skal me bry oss om, kven kan segle sin eigen sjø. Må me vere slik?
I desse dagar er det mange som kjem fram med historier om å vere utanfor, å bli behandla dårleg og til og med bli truga og forfølgde, berre fordi dei har hud som er tilpassa eit solrikare klima. Folk som eg ikkje ante at opplevde dette. Som har kjend på skam sidan tidleg barndom.
Kvifor må me vere så himla primitive? Å sortere folk, ved fyrste blikk, utifrå eit så – faktisk – overflatisk kriterium?
Vi ber deg for de mange som kjenner andres dom,
for dem som vi har sviktet og ikke brydd oss om.
Vi ber deg, Gud, om nåde, vi ber i manges sted:
Gi at vi bringer med oss velsignelse og fred.