Her er lenke til VIDEOANDAKT: ØRSMÅ HOL I DAGEN
Medvirkende: Jan Helge Gram Eggestøl - sokneprest i Storetveit menighet, Bergen Vokalensemblet Cantamo Storetveit / kantor Jostein Aarvik
finst ein stad der alt er annleis,
finst ein stad der alt er heilagt,
Nær min trøyte, redde tanke,
nær mitt liv og alt eg lever,
det er godt å vera der.
2 Gjennom ørsmå hol i dagen,
får eg venda mine tankar,
ta eit lite steg til sides,
søkja Herren, Han som er.
Gjennom tause, mørke bøner,
gjennom lått og gjennom jubel,
leggja fram for Herren Kristus
alt det livet som eg ber.
3 Når eg pustar, når eg tenkjer,
når eg ler, og når eg sørgjer.
som gjer Kristus sterk og nær.
Der eg lever midt i livet –
midt i verda, midt i dagen,
ber eg med meg Kristi kjærleik;
det er lys og salt eg er.
4 Jesus, ver i mine dager,
i alt liv som kjem mot meg.
Ver i mine glade timar,
mine skjelvande sekund.
La meg leva sterkt og nakent,
våga sjå og våga høyra,
våga leva midt i livet,
vågå trå på heilag grunn.
Tekst: Heidi Strand Harboe / Melodi: Carl Petter Opsahl
Videoopptak/-redigering: Jostein Aarvik
Lyd: Ole Meyer / Jostein Aarvik