Familiedagen begynner med konsert i kyrkja kl. 12.00 Her blir både barne- og ungdomskoret Non Stop singing og Ytre Arna vokal med. Det blir òg song med dei små ved Noa open barnehage. Organist Jørn Skauge deltek på orgel og flygel. Me får òg ein presentasjon av Ytre Arna sanitetsforening, og ein andakt ved Ingvar Fløysvik.
Kl. 13.00 går me bort i kyrkjelyshuset det blir basar til inntekt for vedlikehald av huset. Fyrst får me lapskaus, kaffi og kaker. Deretter blir det åretrekking og trekking av loddbøker. Inntekta går til vedlikehald av kyrkjelydshuset.
Viss du les dette tidleg nok, er basarkomiteen òg takksame for gevinstar. Du kan levera dei til Jorunn Haukås, tlf. 995 11 259, eller setja inn på i Kyrkjelydshuset i Noa open barnehage sine opningstider (tysdag og onsdag kl. 9-14.30, torsdag kl. 9-14).
Til slutt eit par ord om uttrykket "Familiedag". Det er ofte vanskeleg å finna det beste namnet på eit arrangement. Namnet må ikkje lesast som at dette er ein dag berre for familiar, at dei som er åleine, ikkje er velkomne. Ein skal forstå ordet slik: Ein dag for heile Ytre Arna-familien - og gjester frå andre stader er like velkomne!