Skjærtorsdag kl. 11.00: Preiketeksten er frå Luk 22,14-23: Jesus held måltid med læresveinane og innstiftar nattverden før han skal lida og døy. Ingvar Fløysvik. Nattverd.
Langfredag vert det ikkje gudsteneste hjå oss. I staden er det gudsteneste kl. 11.00 i Arna kyrkje ved Gina Marie Reisæter-Thu.
Påskedag kl. 11.00: Teksten er frå Matt 28,1-10: Kvinnene kjem til grava, finn henne tom og får høyra frå englar at han har stått opp, slik han hadde sagt. Ingvar Fløysvik. Nattverd.
For dei som har nokon av sine på Arna helseheim, kan det vera fint å vita at det blir påskegudsteneste med nattverd i avdelinga i Stølsvegen onsdag 27. mars (onsdag før skjærtorsdag) kl. 11.15, i avdelinga i Utløbakken kl. 12.15.