Blant dei kulturelle innslaga kan det òg vera element som understrekar den etniske bakgrunnen til paret. Der den eine parten høyrer til eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan ein etter godkjenning av biskopen opna for deltaking frå det kyrkjesamfunnet. Både medierknad frå andre kyrkjeesamfunn og kulturelle innslag skal tilpassast den gudstenestelege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryt med trusgrunnlaget til Den norske kyrkja.
Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan ein plassera etter ledd 9. Forbøn. Der namna skal nemnast, kan ein bruka fullt navn ellerførenamn etter kva som er naturleg i det enkeltehøvet. Under ledd 7. Ekteskapsinngåing skal ein bruka fullt namn.
Det er to liturgier for vigsel i Den norske kirke (I Ytre Arna bruker vi normalt liturgien frå 2003):
Vigsel 2003
Nynorsk
Vigsel 2017
Nynorsk