Å vera fadder

Ein fadder tek på seg ei ansvarsfull oppgåve.

Fadrane skal vera vitne om at barnet er døypt med ein kristen dåp. Dei lovar òg å be for barnet og læra barnet å be. Dessuten skal fadrane hjelpa barnet å bli kjent med bibelforteljingane og oppmuntra det til å gå til nattverd.

Kvart barn som blir døypt, skal ha minst to fadra; det er ikkje noko øvre grense. Fadrane må ha fylt 15 år og vera medlemmer av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. Det er jo ikkje så lett å vera vitne om at barnet er døypt med den kristne dåpen, viss du eigentleg meiner at dette ikkje er nokon rett kristen dåp. Foreldra kan ikkje vera fadrar. Presten har ansvar for å sjå til at fadrane oppfyller desse føresetningane. Fadrane blir førte inn i kyrkjeboka.

Det inneber ikkje noko sivilrettsleg ansvar å vera fadder, som for eksempel å skulla overta omsorgsansvar for barnet viss foreldra døyr. Dette er ein gammal tankegang som framsleis har fotfeste somme stader. Sjølve fadderansvaret dreier seg om barnet si trusopplæring, ikkje om andre forhold.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"