Dåpen - ei gåve

I dåpsliturgien blir dåpen framstilt som ei gåve og som inngang til fellesskapet i kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja.

Det mest kjende verset i Bibelen blir lese ved døypefonten: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den enborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." (Johannesevangeliet kapittel 3, vers 16).

Ulike kyrkjesamfunn har litt forskjellig forståing av kva som skjer i dåpen. I Den norske kyrkja trur me at dåpen tek barnet inn i Guds familie. Me trur òg at me får Den heilage ande i oss når me blir døypte (vil du slå dette opp Bibelen, finn du det i Apostelgjerningane 2,38 og Titus 3,4-7). At me døyper små born, framhevar at det er Gud som gjer noko med oss i dåpen. Det er Gud som tek i mot oss, før me har gjort noko for han. Nett som med nattverden, har Gud gjeve oss dåpen som ei konkret handling, som gjer det enkelt for oss å ta i mot det han vil gje.

Sjølv om små born ikkje kan utrykkja noko tru, heng likevel tru og dåp saman. Det er Gud som skaper tru og tillit til Jesus i det vesle menneskehjartet. Denne trua må få leva og veksa. Her har de som foreldre eit særleg ansvar. Difor lovar de òg ved dåpen å oppseda barnet i den kristne trua. Difor driv òg kyrkja med trusopplæring.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"