Dette er den første bibeltimen kyrkjelyden og indremisjonslaga i soknet har saman i haust.
Profeten Jesaja har vore kalla "Evangelisten i Det gamle testamentet" fordi han så klårt forkynner evangeliet og peikar framover mot Messias og Herren som skulle koma. Før kaffien i kveld er temaet Immanuel. Ordet finn me i Jes 7,14: "Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel." Dette verset står i ein samanheng. Me vil sjå på kva Gud ved profeten formidla i samanhengen, og me vil dra nokre linjer fram til Det nye testamentet.
Etter kaffien flyttar me oss til kapittel 13-23 og ser på bodskapane til folkeslaga. Dei fleste profetskrifta har ein bolk med bodskapar til land utanfor Israel. Ein skulle då tru desse bodskapene må vera viktige. Men eg kan ikkje hugsa eg nokon gong har høyrt ein tale eller bibeltime over nokon av desse tekstane. Kva er det Gud gjennom profetane vil ha fram her? Kvifor sender Gud vitna sine med desse bodskapane? Me ser på det slik me finn det hjå profeten Jesaja. Men delar av det me finn, vil gjelda dei andre profetskrifta òg.
Etter som det altså var tale om før og etter kaffien, har vel dei fleste òg gissa at det vert ein kaffikopp midt i. Kan henda greier me få til noko attåt kaffien òg, det vil visa seg etter kvart.
Det er planlagt to bibeltimar til i haust, onsdag 23. oktober på Ytre Arna bedehus og onsdag 11. desember på Haugland bedehus. Emna her er ikkje fastsette enno.