Støtt Kirkens Nødhjelp

Onsdag 9. april kjem konfirmantane rundt med bøsser og samlar inn til Kirkens Nødhjelp. No veit me at ikkje alle i vår tid har kontantar liggjande heime. Difor vil dei òg ta med ein lapp med vippsnummeret slik at du kan gje via Vipps.

Støtt Kirkens Nødhjelp

Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har tittelen «Håp i ein drope vatn».

Mest 800 millionar menneske lever utan tilgang til reint vatn på grunn av jordskjelv, tørke, flaum, krig eller konfliktar. Kirkens Nødhjelp arbeider med naudhjelp i katastrofar og med langsiktige prosjekt for å redusera naud og fattigdom i verda. Dei arbeider for fred og rettferd, og for å redda liv.

I fasteaksjonen samlar me inn pengar til dette livsviktige arbeidet, med særlig fokus på tilgang til reint vatn og ringverknadene dette har for eit menneske. Mange må gå lange vegar, bruka mykje av tida og arbeidsevna si, for å skaffa familien vatn. Og det vatnet dei får tak i, er i tillegg ofte ureint og helsefarleg. Difor er det viktig å få brønnar med reint vatn der dei bur.

I tillegg arbeider organisasjonen med langsiktig bistandsarbeid, blant anna ved å gje opplæring i og støtte til klimatilpassa jordbruk - der ein vatnar via dryppsystem slik at svært lite vatn går til spille. Vatn er mangelvare i store delar av verda. Om ein lèt vatnet dryppa rett på planterøtene, vert det meir mat ut av kvar drope.

 

VIPPS 2426

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"