Sundagsskule

Det er vanlegvis sundagsskule når det er gudsteneste.

Me prøver å ha sundagsskule kvar sundag det er gudsteneste i Ytre Arna - viss det då ikke er gudsteneste for små og store; då er borna med gjennom heile gudstenesta. 

Borna er saman med forsamlinga på starten av gudstenesta. Før tekstlesinga kjem den som har sundagsskulen fram, og så syng me sundagsskulesongen. Deretter går sundagsskuleborna over til kyrkjelydshuset. Vanlegvis er dei der til gudstenesta er slutt. Men den som har sundagsskulen kan òg bestemma at dei kjem tilbake i tide til å vera med på nattverden.

Ordet "sundagsskule" høyrest kanskje litt skremmande ut, men det er ikkje noko streng undervisning. Men me syng litt saman. Så fortel leiaren ei forteljing frå Bibelen. Etter det kan det vera fri leik og/eller tilbod om ymse aktivitetar. Sundagsskulen i kyrkja er ikkje delt i aldersklassar.

Dei fleste sundagar det ikkje er gudsteneste, er det sundagssamling på eit av bedehusa i soknet. Då er det oftast sundagsskule der òg.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"