Jula i år vert spesiell på mange forskjellege måtar pga. pandemien og i kyrkja har vi diverre ei maks grense på 50 personar på gudstenestene.
Påmelding
Vi oppfordrar alle som har tenkt seg på gudstenestar i jula om å melde seg på på førehand.
Vi er pålagt å føre liste over gudstenestedeltakarar og ved påmelding registrerer du namn, epost og mobil nr. Det er viktig at du stadfestar påmeldinga ved å krysse av i personvernerklæringa under påmeldingsboksen. Her oppgir du også namn og e-postadresse. Du vil då ved avslutning motta ei stadfesting som inneheld ei lenke for å endre/angre påmeldinga di.
Informasjonen vert automatisk sletta 14 dagar etter gudstenesta.
Påmelding via link under:
Påmelding til julaftangudsteneste i Stordal kyrkje kl.13.00
Påmelding til gudsteneste 2.juledag i Stordal kyrkje kl.11.00
Påmelding via telefon
Du kan også melde deg på via telefon på 40 44 15 22 eller 40 44 15 23
Avmelding
Viss du blir forhindra frå å delta på gudstenesta kan du melde deg av via lenke for å endre/angre påmeldinga di i eposten som du fikk tilsendt ved påmeldinga. Eller du kan gi oss beskjed på epost: post.storfjorden@kyrkja.no eller telefon: 40 44 15 22 eller 40 44 15 23, slik at vi kan frigjere din plass til nokon andre.