Jula i år vert spesiell på mange forskjellege måtar pga. pandemien. Vi er så heldige at vi får ha gudstenestene på julaftan i Storfjord Kulturhus, då får vi plass til fleire enn kva vi kan ha i kyrkja i desse tider.
Det vert to gudstenester på julaftan, med plass til 150 personar på kvar av gudstenestene.
Kl. 12.00 julaftangudsteneste med syngespel.
Kl. 14.00 vanleg julaftangudsteneste.
Påmelding
Vi oppfordrar alle som har tenkt seg på gudsteneste på julaftan om å melde seg på på førehand.
Vi er pålagt å føre liste over gudstenestedeltakarar og ved påmelding registrerer du namn, epost og mobil nr. Det er viktig at du stadfestar påmeldinga ved å krysse av i personvernerklæringa under påmeldingsboksen. Her oppgir du også namn og e-postadresse. Du vil då ved avslutning motta ei stadfesting som inneheld ei lenke for å endre/angre påmeldinga di.
Informasjonen vert automatisk sletta 14 dagar etter gudstenesta.
Påmeldinga via link under:
Påmelding til julaftangudsteneste med syngespel kl. 12.00
Påmelding til julaftangudsteneste kl. 14.00
Påmelding via telefon
Du kan også melde deg på via telefon på: 40 44 15 22 eller 40 44 15 23
Avmelding
Viss du blir forhindra frå å delta på gudstenesta kan du melde deg av via lenke for å endre/angre påmeldinga di i eposten som du fikk tilsendt ved påmeldinga. Eller du kan gi oss beskjed på epost: post.storfjorden@kyrkja.no eller telefon: 40 44 15 22 eller 40 44 15 23, slik at vi kan frigjere din plass til nokon andre.
Velkomen til gudsteneste på julaftan!