Vi fyljer dei sentrale råda frå regjeringa saman med Den norske kyrkje og biskopane om å avlyse gudstenester, og vi utsett aktivitetar som trusopplæringstiltak og konfirmantundervising frå i dag og til og med måndag 18.01.21.
Vi vil fortsetje å avvikle gravferder med maks 50 personar, med andre ord som det har vorte gjennomført før med dette antalet.
Kyrkjekontoret i Stranda vert stengt t.o.m. 18.01.21.
Men vi er sjølvsagt framleis tilgjengelege på telefon: 40441522 og 40441523 og epost: post.storfjorden@kyrkja.no
For meir info om korleis den nye nasjonale nedstenginga påverker kyrkja sitt tilbod sjå: Ny nasjonal nedstenging påvirker kirkens tilbud