I juni tok Jakob og kona hans Laura med seg dei tre borna deira og flytta frå den lille bygda Ødsted i Danmark til Stranda.
Båe Jakob og Laura er godt kjende med Noreg etter å ha budd her tidlegare. Dei som allereie har rukke og slått av ein prat med den nye soknepresten vår, har nok bitt seg merke i den nord-norske dialekta hans. Familien til Jakob budde i Ballangen i deler av barne og ungdomsåra hans.
I Danmark har Jakob dei sju siste åra hatt ein spennande jobbkvardag som rektor for bibelskulen til Laget. Sjølv om livet i Danmark var godt og jobben som rektor spennande, hadde båe Jakob og Laura eit ønskje om å bu i Noreg igjen.
Når moglegheita for teneste som sokneprest i Stranda og Sunnylven dukka opp bestemte familien seg for at no var tide inne for å sette kursen nordover over Skagerak.
Jakob blei satt inn som sokneprest under gudstenesta i Stranda kyrkje 2.august, og no gler han seg til å ta fatt på oppgåvene som ventar. Og bli betre kjend med bygdene og bygdefolket.
Den første gudstenesta han skal leie på Hellesylt er søndag 2.august kl.18.00.