I Sunnylven har vi i fleire år hatt ein dyktig ungdom som har gjort teneste som organist. Det er Lars Kvam Karbo. Fellesrådet rettar ei hjarteleg takk til han for den gode jobben han har gjort, og ønskjer lukke til med vidare utdanning.
Det er tilsett ny organist i 20 % stilling med Stranda som hovudansvarsområde. Det er Solveig Maria Nedregård som er tilsett. Ho har busett seg på Dyrkorn med mann og tre barn. I tillegg til organistjobben har ho også ein deltidsjobb i kulturskulen i Stranda.
Carolin og Gunnar Inge Eide er organistar i Stranda som før, men Gunnar Inge vil ha mest ansvar for Sunnylven og Geiranger.
Ny organist i Stranda
Det er tilsett ny organist i 20 % stilling med Stranda som hovudansvarsområde.