Mandag 25. juli
Kl. 18.00. Pilegrimsvandring frå Sylte kyrkje til Korsbrekka v/Morten Gravdal
Torsdag 28. juli
Kl. 19.00. Konsert i Sylte kyrkje: SMEIS
Elin Dyrkorn, Kristina Farstad Bjørdal, Stefan Olsen.
Fredag 29. juli
Kl. 18.00. Olsokgudsteneste i Rosekyrkja i Stordal v/ vikarprest Petter Haug. Musikk v/ Kristina Farstad Bjørdal og Marius Berglund.
Laurdag 30. juli
Olsok-arrangementet som går føre seg på kaia heile dagen.
Kl 17.00 vert alle interesserte inviterte til Sylte Kyrkje der ein kan høyre eit foredrag om Olav den Heilage i Valldal. Foredragshaldar er Morten Gravdal. Astor Furset si bok, «Olav den heilage i Valldal» er til salgs. Dei som vil, kan vere med opp Korsbekka og sjå Olavskrossen der etter foredraget.
Søndag 31. juli
Kl 08.30. Pilegrimsvandring frå kaia i Valldal til Alstad. Det vert ein stopp ved Olavskrossen, der det vert ein kort seremoni ved starten av pilegrimsleia.
Kl 11.45 framme ved Rem (ca 10 km framme i dalen). Her startar siste etappe fram til Alstad med Erling Nerheim som leier vandringa. Denne er ca 3 km, og på denne strekninga er det sett opp 4 krossar, og ved kvar av desse vert det ein stopp der vi syng ei salme og har nokre ord om det å vere pilegrim.
Kl 13.00 er det Olsok-gudsteneste på Alstad v/ sokneprest Morten Gravdal. Dette er ei friluftsguds-teneste med kyrkjekaffi etterpå. Det vil også verte mogleg å sjå Olavs-kjelda og Olavshellaren og høyre historia knytt til desse stadane.