Det var spennande å få prøve dei svært forskjellige orgela og høyre kor unik klang kvart av dei har. Det var også interessant å sjå korleis orgela er tilpassa dei ulike kyrkjeromma og kunsten der. Alle er svært vakre, med kvar sin stil og eigenart. Vi fekk overnatte i klubblokala i Volsdalen kyrkje, og der vart det musikk, spel, godteri og latter til langt på kveld. Søndag var vi med i gudstenesta i Borgund kyrkje. Der sang barnekoret Syng Sang så flott, og alle i orgelklubben spelte litt kvar. Folk var entusiastisk glade for musikken til dei unge musikarane. Her var det melodiar både frå filmar born ser på, og frå orgelmusikken sin store meister, J.S.Bach.
Orgelklubben i Møre er eit tilbod for ungdommar og born frå ca. 5.klasse og oppover som er interessert i å spele orgel. Det er ein open klubb der det alltid er plass for nye, og det er ingen nivåkrav for å vere med. Klubben har samlingar ca. fire gongar pr år. Sist samling var i Molde domkyrkje, med besøk av kantor og komponist Robert Coates. Han har komponert tre folketonesuiter til Orgelklubben i Møre. Til våren planlegg vi å ta med orgelsuitene og reise til Nidarosdomen og møte orgelklubben der. Der skal vi få spele på Norge sitt største orgel.
Instruktørar og leiarar i orgelklubben er kantor i Geiranger og Sunnylven, Gunnar Inge Eide, og kantor i Sykkylven, Rose Iren Stave.