I båe kyrkjene blir det orgelmusikk og rom for bøn, refleksjon og lystenning. Presten vert til stades og kan nyttas til forbøn.
Smittevern vert følgt: Maks 10.personar (+ medverkande) i kyrkja samstundes.
På grunn av smittevernreglane til Den Norske Kyrkje kan vi ikkje ha kontinuerleg utskifting av besøkande i kyrkja under opa kyrkje. Difor vert det «rullering» inne i kyrkja a 10 minutt. Når det har gått 10 minutt går ein ut av kyrkja via sakristiet, og ei ny gruppe på 10 personar kan kome inn i kyrkja. Kvar «rullering» vert avslutta med ei kort tekstlesing og velsigninga.
Velkomen til kyrkja på søndag!