I Sunnylven kyrkje treng vi kyrkjetenar under alle kyrkjelege handlingar (gudstenster, gravferder og bryllup). I Stranda og Geiranger kyrkjer treng vi kyrkjetenar under gudstenester. Stillingsstorleik i høve antal gudstenester i året.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb og litt ekstra inntekt, så er dette jobben for deg. Studentar / skuleelevar er velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja.
- Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
- Arbeidet utførast etter faste rutinar.
Kvalifikasjonar:
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, evne
til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide og å møte menneske i ulike livssituasjonar. - Må vere medlem i Den norske kyrkja og disponere eigen bil
- Kunne framlegge politiattest.
Vi tilbyr: - Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve.
- Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
- Opplæring
Kontaktperson for stillingen
- Kontaktperson: Petra Riste Synnes
- Stillingstittel: kyrkjeverje
- Telefon: 91519869
- Epost: post.storfjorden@kyrkja.no