Bryllaup

Bryllaup er ein fest for kjærleiken! To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og halde saman i gode og vonde dagar livet ut. Det er ein stor og høgtideleg merkedag i livet. Kjærleiken og ei framtid ilag er vel verdt å feire!

Løfta brudeparet gjev, gjev dei til kvarandre, men også framfor forlovarane som er vitner, familie og vener og for Gud. Løftet vert møtt av Guds velsigning og vi ber for ekteskapet, familien og framtida.

I Ulstein er det mange flotte bryllaup året rundt.

Nokre vil ha ein høgtidsstemt fest, andre giftar seg på sokkelesten i basketsko på ein kvardag. Løftet, kjærleiken, forpliktinga og velsigninga er like viktig! Ulstein kyrkje vil legge til rette for at brudeparet skal få denne dagen på den måten de drøymer om.