Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Slik går de fram

Tid og stad

Ved dødsfall melder ein ønske om gravferd til kyrkjekontoret. Gravferdstidene for Hareid og Ulstein er tysdagar og fredagar kl 10:30 og 13:00. Mange nyttar eit gravferdsbyrå i den fyrste veka, men det er også høve for pårørande å gjere mykje sjølv.

Planlegging av gravferd

Når tidspunktet for gravferda er fastsett står kyrkje, prest, organist og kyrkjetenar til hjelp for dei pårørande. Organisten bistår gjerne i val av musikk og solo-songar, og kyrkjevergen hjelper til med å finne eigna gravstad. Presten tek kontakt med pårørande og avtaler ein samtale. Presten sitt møte med dei nærmaste skal vere til hjelp i sorgprosessen, og å lytte til fortellinga om den avdøde sitt liv. Desse fortellingane vert til eit minneord som pårørande eller presten les i gravferda. Forutan å bestemme salmar og solosong, kan pårørande sette sitt personlege preg på gravferda ved å bidra med Skriftlesingar og andre symbolhandlingar. I Ulstein har dei nærmaste pårørande høve til å kome med inntil 5 korte personlege helsignar i høve pålegging av kransar.

Born og deltaking

Deltaking er godt for vandringa i sorga sitt landskap. Det er viktig å inkludere born på ein god og konkret måte i sorgarbeidet i ein familie. Born bør ikkje skånast for fakta og ein bør unngå å bruka metaforar som «gått bort» og «sovna inn». Å teikne teikningar eller legge roser på kista kan vere gode symbolhandlingar. Det er anbefala at born også får sjå den døde dersom det er mogleg, og alle born er velkomne i gravferd.  Når vaksne gret er det viktig å fortelle born at ein gret fordi ein er lei seg for at avdøde er død, dette fordi born har lett for å tenke at det er deira skuld at vaksne er lei seg.

Minning

Den siste søndagen i månaden vert dei som er gravlagde siste månaden minna ved at namnet vert lese opp. Pårørande får ein invitasjon til å delta her. På Helgemesse vert namna på alle som er døde sidan sist helgemesse lese opp. Det er viktig å kome tilbake til kyrkjeromet etter ei gravferd, og dette er fint for mange.

Kransar

Kransane vert lagt på gravstaden etter at jorda er lagt på. Pårørande fjernar sjølv kransane når dei vil, men er dei ikkje fjerna innan fire veker etter gravferda vil kyrkejgardspesonale fjerne dei.

Økonomi

Gravferd/bisetting er vederlagsfritt for medlemmar av Den norsk kyrkja. Dersom avdøde ikkje er medlem, kan vi likevel utføre gravferd etter våre ordningar mot ein fastsett kostnad. 

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"