Vedtekter for gravplassane i Ulstein

Vedtektene er utforma med grunnlag i § 21 i lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (Gravferdslova). Vedteke av Ulstein kyrkjelege fellesråd 11.november 2013. Godkjent av Møre bispedømeråd 11.12.2013

§ 1 Ansvar og mynde

Ulstein kyrkjelege fellesråd har ansvar og utøver mynde som er tillagt fellesrådet etter Lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd (Gravferdslova).

§ 2 Rett til gravplass

Alle som bur i Ulstein kommune når dei døyr, har rett til fri gravplass i Ulstein i 20 år. Dersom den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, har vedkomande også rett til fri gravplass. Dei som ikkje har rett til fri gravplass, kan få gravplass etter særskilt løyve mot å betale dei avgifter som til eikvar tid er fastsette.

§ 3 Fredingstid og festetid

Fredingstida er 20 år både for urne- og kistegraver. Festetida er 5 år. Når festetida er ute, kan festet fornyast for 5 år i gongen.

§ 4 Feste av grav

Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og – etter godkjenning av fellesrådet i Ulstein – ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad. For grav(er) i tillegg til fri grav skal det betalast festeavgift frå dag ein. Ved bruk av urnegrav, kan ein ikkje feste kistegrav ved sida av. I god tid før festetida er ute, skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden attende til kyrkjegarden. Fellesrådet kan avgjere spørsmål om gravlegging i festa gravstad dersom festaren sitt samtykke ikkje kan innhentast. Innbetalt festeavgift vert ikkje betalt attende.

§ 5 Grav

Ved opning av grav kan jord leggast på omkringliggande graver. Kyrkjegarden sørgjer for istandsetjing, og grava planert og tilsådd etter gravlegging. Det vert sett opp eit merke med namnet til den avlidne, i påvente av at gravminne vert reist. Visne kransar/blomster vert tekne bort av kyrkjegardsarbeidaren seinast 4 veker etter gravlegging dersom festar ikkje har gjort andre avtalar.

§ 6 Gravutstyr

Utstyr kan festast til gravminnet i den grad det ikkje er til sjenanse for andre, eller til hinder for den daglege drifta. Lykt skal plasserast i fronten på gravminnet, og skal vere festa slik at den kan demonterast. Lykta skal ikkje stikke utanfor kanten på gravminnet. Lause bokstavar og dekor skal vere forsvarleg festa. Festar av gravstaden kan bli varsla om å fjerne utstyr som er til hinder for drifta. Det same gjeld lause minne- og dekorgjenstandar, når desse ikkje er fjerna innan rimeleg tid. Soknet er ikkje ansvarleg for skade på utstyr som ikkje er i samsvar med forskrifta.

§ 7 Gravminne

Gravminne kan ikkje setjast opp utan at fellesrådet eller den som er gitt mynde, har godkjent fundamentering.

§ 8 Plantefelt

Plantefelt framfor gravminnet skal vere i høgd med bakken ikring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten til gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet, eller som går ut over plantefeltet. Det er tillate å ramme inn plantefeltet med delt steinkant som fluktar med terrenget rundt. Lause dekorting skal fjernast etter bruk. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

§ 9 Stell av grav

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å stelle den grava som vedkomande har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt, skal tilsåast av den ansvarlege for gravstaden, eller det vert gjort av dei tilsette på kyrkjegarden på festar sin kostnad.

§ 10 Gravstellavtale

Mot innbetaling av ein fast sum vil Ulstein kyrkjelege fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden etter inngått skriftleg avtale. Dei innbetalte midlane vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd. Den innbetalte summen skal dekke utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid, og til årleg administrasjon. Gravstellavtale kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredings- eller festetida som ligg framføre. Dersom det oppstår slike økonomiske forhold i avtaletida at midlane ikkje strekk til, skal festar få melding om dette slik at det kan betalast inn ekstra. Stellet av grava tar slutt når midlane er bruket opp. Dersom det er midlar att når tida er ute, kan dei brukast av fellesrådet til å gjere kyrkjegarden vakrare.

§ 11 Bårerom

Ulstein sokn disponerer bårerom i kjellaren til Ulstein kyrkje. Dette romet skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda, og skal ikkje føre med seg plikter for dei tilsette.

§ 12 Næringsverksemd

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden, skal ha løyve frå Ulstein kyrkjelege fellesråd . Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver. Dei tilsette på kyrkjegarden kan ikkje mot godtgjering utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.

§ 13 Nedlagde gravplassar

Vik kyrkjegard og Ulstein gamle kyrkjestad er nedlagde, og stengde for all gravlegging

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"