Diakoni og misjon

Den norske kyrkje er ei tenande kyrkje. Diakoni og misjon handlar om nestekjærleik.

Diakoni er kyrkjas omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og vert uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaperverket og kamp for rettferd. Den norske kyrkja ser på seg sjølv som ei tenande kyrkje. Gud har gitt kyrkja eit oppdrag. Diakonien skal være den berande kraft i alt vårt virke og skal prege både fellesskapet og livet til den einskilde.

Det er ein sentral side av det kristne menneskesynet at vi som menneske er skapt i Guds billete. Vi er medmenneske og avhengige av kvarandre og alt som lever. Vi er skapte til å tena kvarandre og til å ha omsorg for kvarandre. Samstundes er heile skaperverket avhengig av at menneske tar sitt ansvar som forvaltarar på alvor. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda.