Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Frivillig teneste

I Ulstein kyrkjelyd har vi mange ulike aktiviteter og tilbod - og dei fleste oppgåver drives gjennom frivilleg arbeid. Det er derfor alltid bruk for folk som vil vere med å hjelpe til – med alt frå mindre praktiske oppgåver til større lederoppgåver. Det å vere frivillig er ein god muligheit til å bli kjent med nye folk, bli del av mindre fellesskap og ein får vere med å bidra inn i kyrkjelydens tilbod for barn, ungdom, vaksne og eldre. I tillegg er muligheta stor for å kunne bidra med noe du har interesse for og som vil vere til glede for andre.

Her er noken av områdene du kan engasjere deg i som frivillig:

Barn og ungdom: Ulstein kyrkjelyd har eit stort arbeid for barn- og ungdom. Her finnes fleire arrangement innen trusopplæring som gjerne treng frivillige vaksne. Les meir om trusopplæringstiltakene her. I tillegg finnes det kortilbod og andre faste tiltak for barn og ungdom ein kan engasjere seg i som frivillig. Les meir om dette her

Gudsteneste: Ulstein kyrkje har eit rikt gudstenesteliv med gudstenester med varierande uttrykk og tematikk. Gudsteneste er feira gjennom fellesskapet, ikkje kun ved prest. Vi ønskjer difor at frivillige er med på gjennomføringa av gudstenesta gjennom blant anna song og musikk, tekstlesing og praktiske oppgåver. Men vi ønskjer også at frivillige kan vere med å påvirke gudstenestane i planleggingsfasen, både i forhold til salmevalg, skriving av forbøner, refleksjon over prekentekst osv. Les meir om gudstenestane her.

Vaksne: Vi har fleire aktivitetar og tiltak retta mot vaksne og familiar. Dette er både faglege forum, samlingspunkt med middag, smågrupper, basarar, samlingar for eldre osv. I disse tilboda er det også bruk for frivillige som kan bidra med praktisk bistand, musikalsk bistand, matlaging, planlegging og gjennomføring. Les meir om tilbod for vaksne og familiar her.

Diakoni: Diakoni er eit vidt begrep på kyrkjelydens arbeid med fokus på teneste og nestekjærleik. Her kan ein bidra med å lage i stand kyrkjekaffi etter ei gudsteneste, ein kan vere med i kyrkjelydens besøkstjeneste eller ein kan engasjere seg i internasjonal damegruppe eller anna arbeid retta mot det internasjonale miljøet. Les meir om soknets diakonitilbud her.

Musikk: Har du evnar innan musikk så er det og moglegheit for å bruke dei i vår kyrkjelyd. Det kan vere enten gjennom utøvelse i gudstenester eller i andre arrangement, eller gjennom å være med som frivillig i ein av våre kor for born, ungdom og vaksne. Les meir om kyrkjemusikken i Ulstein sokn her.

Ønskjer du engasjere deg som frivillig i Ulstein sokn og bidra med litt av din tid og evne? Gi oss en lyd gjennom dette skjemaet:


Interessert i å hjelpe til på
 

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997