Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Alternativ Halloween-samling

(klippet frå Vikebladet/Vestposten) Onsdag 31. oktober går fleire kyrkjer og kristne organisasjonar saman om å lage til alternativ halloween-samling for born.

– Vi gjer dette fordi alle skal få ei kjekk samling å vere med på denne dagen. Vi ser at nokre klasser har klassearrangement denne kvelden, og ein del foreldre samlar venner i heimen, og det er kjempebra. Men ikkje alle har planar for denne dagen, så vi lagar til felles arrangement som absolutt alle kan vere med på, seier Bjørn Losvik frå Ulstein kyrkje.

– Det skal ikkje koste noko som helst å vere med, det er berre å møte opp. Vi ynskjer å nytte halloween til å ha ein vennefest for å feire livet. Dette er noko vi alle står felles om, sjølv om den eine samlinga er på Filadelfia og den andre samlinga på bedehuset, fortel Kamilla Grimstad Hagen, som tenkje å sende borna sine på dette tiltaket.

Born i alderen opp til 4. klasse samlast på pinsekyrkja Filadelfia, medan born frå 5. klasse og oppover møtast på «Davids grotte» i kjellaren på Ulsteinvik bedehus. Oddgeir Nygjerde frå Filadelfia Ulsteinvik fortel at opplegget på Filadelfia vil innehalde masse kjekt for borna: Song, dans konkurranse, formidling, og sjølvsagt masse snop. – Nokon av borna har gleda seg veldig til å kle seg ut, og det er kjekt. Men vi vil helst ha «snille» kostyme. Programmet blir avslutta med felles kveldsmat. Familiane treng ikkje ha med noko som helst, vi ordnar det som trengst av snop og mat, uttalar Oddgeir.

Per Ivar Meinseth fortel at «Davids grotte» er eit fast tiltak annakvar onsdag for aldersgruppa 5. klasse og oppover.

– Vi skal uansett ha open på Davids grotte denne onsdagen, no berre utvidar vi. Vi legg ikkje opp til utkledning, men her blir spel, biljard, airhockey, konkurransar, snop, samtale/andakt, og vi riggar til og med opp innebandy. I tillegg serverer vi kebab.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997