Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Å møte Gud i rørsle og meditasjon

Velkomen til seminar om bevegelsesyoga torsdag 28. juni kl 20-22 på Sunnmøre Folkehøgskule

  • Korleis kan ein bruke kroppen i bøn?
  • Treng du rom for stille og nærvær og møtet med Det heilage i ein travel eller vanskeleg kvardag?
  • Ynksjer du å oppleve fysisk og mentalt korleis du få tilbeding og trua med inn i pust og rørsle?
  • Er du nysgjerrig på kva yoga er, og om yoga passar saman med å vere kristen?

Da er seminaret «Å møte Gud i rørsle og meditasjon» noko for deg.

Henriette Berntsen er utdanna Hatha yoga lærar og prosjektleiar for the OMP Empowement prosject som er i Ulsteinvik for å ha utdanning for flyktningar. Ho har forankring i kristent miljø og saman med prest Sunniva Gylver laga yogagudstenester i Fagerborg for å auke bevisstheita om yoga og kristen tru. Sjølv har ho hatt stor nytte av rørsle i bøn og meditasjon for å kome nærmare Gud. No vi ho dele kompetanse og refleksjon her i Ulsteinvik. Henriette startar seminaret med ein samtale om korleis yoga og kristendom kan - og ikkje kan -møtast, og leiter oss fram til korleis vi kan bruke yoga for å styrke trua vår og møte Gud gjennom bevegelse.

Deretter tek yogalærar Henriette og prest Margit oss med inn i ei yogagudsteneste for å møte Gud gjennom fysiske øvingar, pust og meditasjon, og få tilbedinga djupare inn i kropp og sjel. Vi gjev oss sjølv ei fysisk og mental avkopling og investerer tid til ro og meditasjon i samspel med yoga orientert mot Gud som kjelda til kjærleiken. Bibelvers dannar ei flott ramme for tematikken for gudstenesta, og yoga i samspel med bøn, tekstlesing, meditasjon og djup avspenning opnar vi oss for kva Gud har på hjartet.

Praktisk informasjon:

  • Ta med deg yogamatte eller anna treningsmatte, ei vassflaske og eve. ei bok å notere i.
  • Ha på deg mjuke, behagelege klede det er godt å bevege seg i. Ei flaske vatn og ein kollekt til å dekke utgifter
  • Ei ekstra jakke og eit par sokkar kan vere godt til avspenningsdelen.
  • Vi er opne for og har tid til samtale og samvær også etter at gudstenesta er ferdig for dei som har spørsmål eller ønskjer å dele opplevinga si.

Yogagudstenesta har same innhald og oppbygging som andre gudstenester, men der vi gjer enkle, gode yogaøvingar som ein del av gudstenesta.

Velkomen til ein spennande kveld i kapellet på Sunnmøre Folkehøgskule!

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997