Kulturarrangement i Ulstein kyrkje - hausten 2017

Ulstein kyrkje har i haust eit rikt kulturelt tilbod, med ulike konserter og ikkje minst markering av reformasjonsjubileum. Adventstida og jul er høgsesong for konsertar og arrangement i Ulstein kyrkje. Her vil du finne ei oversikt (Sjå pdf-fil nederst på sida)

Bror Magnus Tødenes held konsert i Ulstein kyrkje 7. desember kl 19.00.

Billettar:
Oversikt for kvar du får kjøpt billettar, finn du i pdf-fila nederst på sida.

28. november: Førestillinga Stille natt, hellige natt» med Hans Marius Hoff Mittet, Maria Haukaas Mittet, Alexander Rybak og Rune Larsen og 2 musikarar, skulle garantere for ein god inngang på førjulstida. Her er god song, instrumentalmusikk frå øvste plan og programleiar som evner å setje julehøgtida inn på det rett spor.

30. november: Kulturskulekonserten i Ulstein kyrkje. Dette er ein årleg konsert som etter kvart har blitt ein tradisjon. Lærarar og elevar ved Ulstein kulturskule deltar med samspel og solosong/spel.

1. desember: Konsert med koret «Mosaic». Programmet har dei kalt ”Vår Sjeleskatt”. Dirigent for koret er Sølve Styve Etnestad  som er fødd og oppvokst i Ulsteinvik. Sist koret besøkte Ulstein kyrkje (2014) var overskrifta i Vikebladet fylgjande:  ”Straumbrot skapte magi”. Vi håper straumen held denne gongen, og at magien varer. Programmet er stort sett henta frå koret sine 2 juleplater, utgitt i 2005 og 2010

7. desember: Denne kvelden blir det «klassisk jul». Bror Magnus Tødenes har på få år gått fra å vere eit lokalt talent frå Eiksund, til å etablere seg på høgste nivå i den internasjonale operaverda. Han har, trass sin unge alder (24 år), hatt solistiske opera-oppdrag på hovudscenar i Oslo, Salzburg, Wien, Festspielhaus Baden-Baden, København, festspela i Bergen, Roma, Reykjarvik mm. Konserten er i samarbeid med Ulstein sokn.

11.  desember: Beate Slettevoll Lech vaks opp i Volda, og skulle vere godt kjend på Sunnmøre. Ho ga ut ei juleplate i 2014 saman med SKRUK. Denne gongen har ho med seg blandakoret Tolvtetten frå Herøy.

17. desember: « Vi syng jula inn». Dette tradisjonelle arrangementet har i alle år samla fulle hus. Dei 4 vaksenkora i Ulstein framfører songar frå sitt julerepertoar, og forsamlinga får bli med på kjende og kjære julesongar

22. desember: Julenattine 2017. Desse 2 konsertane har alltid samla stappfull kyrkje. Også denne stiller lokale songsolistar opp: Trude Håkonsholm, Karina Veddegjerde Pieroth, Rak Marie Hatløy Sætre, Oline Aksnes, Tord Aksnes, Ståle Dimmen, Ståle Rasmussen, Sofie Gjerde Tonev, Marte Urke Antonsen, Håvard Fylsvik mm.Det samansette orkesteret er samansett av 10 musikarar, og vi har mellom anna fått med Karl Oluf Wennerberg som m.a. har vore fast trommeslagar for Aha. Også dette året er vi overtydd om at «Julenattine 2017» leverer. Det er ennå ledige billettar.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"