Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Lysmesse 2018

Preike lysmesse 9.desember 2018 over Salme 139

Hausten kom så fort i år. Allereie i midten av august var det full hauststemning og sidan regnet sila ned så tok vi oss like godt ein tur på kino. Kva kan ein forvente seg av Mamma mia 2? Eg forventa motstandslaus feelgood med lett, kleine voksne som mimra om gamledager og dansa disko i store grupper. Det vart det! Men djupt nede i setet på Sjøborg med tom popcornboks vart eg treft av noko eg ikkje forventa meg. Det sette meg fullstendig ut, hjartet svulma opp og tårene rann.

La meg forklare: Sophie, ho som i sist film skulle gifte seg og det dukka tre potensielle fedre opp i bryllaupet, ho forsøker no å leve vidare draumen til mor si som er død. Vi ser hennar livshistorie og mor hennar si livshistorie som to parallellar som innheld like tema: Det å vere sjølvstendig, glad og sterk, - men også å vere åleine, sårbar og kjenne seg forlatt av nære relasjonar. Sophie får eit barn med mannen sin og dei gleder seg til dåp. Men brått på veg inn i kyrkja slår sorga henne mest ut. Ho saknar mor si slik. Ho kjenner at på denne dagen skulle ho ha vore her. I møte med dåpen trer minnet etter mora fram, det er som om mora likevel er der med trøst og kjærleik, og dei syng saman Abba-songen:  «My love my life»

«Som spegelbilete i mitt sinn ser eg
min kjærleik og mitt liv,
eg veit at eg ikkje eig deg, men eg ber Gud velsigne deg
du vil alltid vere min kjærleik, mitt liv.»

https://www.youtube.com/watch?v=Xk254EyXLYA

Det som rørte meg var sjølvsagt ei mors kjærleik, eller ein fars kjærleik. Kor mykje den bær og tåler. For sjølv om det i kvardagen er litt masing, somme tider smelling av dører og fortviling over oss «lame» foreldre, så om vi vider ut bildet skimtar vi ein vev av kjærleik. Rundt ditt liv er ein vev av gode ønsker, draumar og bøner om eit godt liv. At lys må skinne på din veg.

Hollywood-produksjonen formidla også godt dåpens mysterium: at i dåpen så møtast Guds tid, som er æva, og vår tid. I dåpen vert vi vevd inn i ei større familiefortelling og Guds fortelling. Gud har rørt ved våre liv i gjennom slekters gang, elskar oss som ein god forelder og vender oss mot framtida.

Dei altfor lange kjolane til dåpsborna, er i kveld passelege konfirmantkapper. Dåpslyset som blir tent ved kvar dåp, fulgt av orda: «Jesus er lyset i verda, måtte han vere ditt lys på livsvegen»,  det lyset har familie og fadrar holdt for deg. I dag held du lyset ditt sjølv. Det er fint.

På konfirmantsamlinga torsdag snakka vi om kva det betyr å vere ein lysbærar. Vi trakk linjene heilt tilbake til kristninga av Noreg som til trass for sitt blodige og brutale forløp, vart kalla trua til Kvitekrist. Sunniva av Selja kom med sitt lys til våre kystar, og fram gjennom historia har ulike menneske bore sine lys som forbilder. «Lyset er sterkare enn mørket» står det i Bibelen ( Joh 1), likevel ser vi at også mørket har kraft. Difor trengs det stadig nye lysbærarar for mot, kunnskap, humanitet, tru, håp og kjærleik.

Lysmessa er på den mørkaste tida av året, og alltid på same tid som Nobels fredspris. Akkurat no som vi sit her, sit årets fredsprisvinnarar Dr. Denis Mukwege og Nadia  Murad i Oslo domkyrkje. Dei har våga bore lyset sitt, og vorte ansikt for noko av det mørkaste og mest unevnelege; at i krig vert valdtekt og seksuell trakassering av kvinner og born brukt som våpen. Nadia Murad vart bortført og misbrukt av IS og ho mista mest heile familien sin. Ho våga fortelle historia si og blei ansikt for mange kvinner. Denis Mukwege er stjernekirurgen som kunne fått karriere kvar som helst, men har via livet sitt til ein klinikk i Kongo der han freistar heile dei fysiske såra til kvinner som er ofre. Han seier at for å halde ut å sjå så mykje mørke, må han og kollegiet byrje kvar dag i lys av bøna.

Mørket er også ei realitet. Vi kan tenke at det er langt borte, men er vi ærlege veit vi at det er her, blant oss, og i oss. Vi kan kjenne både lysta til det gode og lysta til det vonde.

Nokre ser berre mørkt på tilværet. Dei kan ha gode grunnar til det. Hurt people, hurt others.

Nokre ser berre lyst på alt. Dei vert som snøblinde og står i fare for å miste sidesynet og empatien for alle som lid.

Dagens lysmesse vil halde dette saman, å våge å sjå og samstundes fortelle om at lyset er sterkare enn mørket.

Salme 139
Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg
          og lyset omkring meg bli natt.»
      
Men mørkret er ikkje mørkt for deg,
          natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.

Eg har ein ven som hashtager alle innlegg med #keepmewherethelight is. Hald meg der lyset er. Eg tenker alltid litt ekstra når eg les det. Det er nesten som ei fin bøn.

Kjære konfirmant, du held lyset ditt. Det er eit symbol som fortel at du er ønska i verda, du er elska og nokon treng akkurat deg. Lyset minner deg om at er du kalla til å vere ein lysbærar i verda. Om du vert nobelprisvinnar i fysikk,  hjelpepleiar, skipsdesignar, fotballproff eller ein som kvar dag tenner lys i små born sine auge.. vi veit ikkje. Men vi ber, at lys må skinne på din veg.

Og viktigare enn alt langt inn i framtida, er at du er ein lysbærar akkurat no. Og vi er lysbærarar for kvarandre.

«Lyset du treng finst»

Helge Torvund

Solo etter preika: «You say» av Lauren Daigle

https://www.youtube.com/watch?v=N8WK9HmF53w

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997