Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Hjartevarme til jul

Saman med Nykyrkjekarane startar Ulstein sokn eit initiativ i haust for å skape julevarme for alle. Initiativet går ut på å kunne dele ut korger med julemat til dei samfunnet vårt som opplever at den personlege økonomien rundt juletider er utfordrande. Ulstein sokn ønskjer å bidra med dette at det blir riktig god jul i alle stover i Ulstein kommune.

Det er avtalt med matvarebutikkane at det i slutten av november blir satt fram ein handlevogn ved kassa, der alle som ønskjer, kan kjøpe noko ekstra og legge det i denne vogna etterpå. Matvarene som blir donerte på denne maten blir lagra sentralt for seinare utdeling.

Det er også mogleg å gi eit pengebeløp til VIPPS- nummeret 123619 (Nykyrkjekarane). Med pengane som kjem inn der vil matkorgene bli supplert.

Det er oppretta eit telefonnummer 94172728 der den som ønskjer å få levert ein matkorg kan sende sms eller ringe. Telefonen blir kun brukt av diakonen eller soknepresten. Begge er pålagt teieplikt slik at soknet kan garantere størst mogleg anonymitet til dei som tek kontakt.

Det vil bli satt saman matkorger etter innmeldt behov. I veka før jul (17., 18. og 19. desember) vil ein kunne hente matkorga på Fredheim eller dei vil bli levert på døra. Henting / levering vil også skje med størst mogleg grad av anonymitet.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997