Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Minnesamling og helgemesse, laurdag og søndag 3. og 4. november

Diakoniutvalet i Ulstein inviterer til ei minnesamling for alle etterlatne etter dei som har gått bort siste året i vår kyrkjelyd eller andre stader.

Samlinga vil finne stad i kyrkja laurdag 3/11, kl. 18.00. Det vert orgelmeditasjon, tekstlesing, bøner, song og ei andakt. Namna til dei som har gått bort vert lese opp og det blir høve til å tenne lys til minne om dei som har gått bort. Brev med invitasjon er sendt ut med post denne veka. Har du mist nokon av dine nære ein annan stad, men ønskjer namnet lest opp så ta kontakt med diakon Ranveig Kaldhol på mobil nr.: 909 36 841. Samlinga er open for alle som ynskjer å vere til stades. 

Første helga i november er heilt frå gamal tid ei helg der vi på ein særskilt måte minnast dei som er døde. Mange går denne helga på kyrkjegarden for å tenne lys eller legge ned kransar. Vi minnast dei som har gått bort i kjærleik, takksemd. Under helgemessa søndag 4/11 vert det også høve til lystenning. Velkomne.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997