Slik feirar vi 500-års reformasjonsjubileet i Ulstein

Festgudstenese, konsert, temaframsyning, temakvelder og fagdag: Oktober er feiring av 500 årsjubileet for reformasjonen! 31. oktober er det 500 år sidan Martin Luther spirkra meiningane sine opp på kyrkjedøra i Wittenberg og starta eit oppgjer med ei kyrkje han meinte heldt folk nede. Reformasjonen fornya den kristne trua sitt fokus på frelsa i Jesus Kristus ved Guds nåde.

Luther meinte trua var vanleg menneske og medverka til at dei fekk lese Bibelen på eige morsmål, og at språket i gudstenestene vart på morsmålet og ikkje på latin.  Når vanleg folk måtte få kunnskap om dåp, nattverd og trua, måtte dei også få tilgang til språk – konfirmasjonsundervisninga med Luthers katekisme vaks fram –og etter kvart skule for alle.

Det er 100 år sidan fekk vi Bibel og gudstenestespråk på nynorsk. Den fornya trua på det enkeltmennesket gav den vanleg mann og kvinne frimod og makt, og demokratiske styresett vart utvikla.

Festgudsteneste i Ulstein kyrkje 31. oktober kl 18.00
På sjølve reformasjonsdagen, arrangerer vi ei stor festgudsteneste med 6  kor som tek del. Det musikalske spekteret blir nokså vidt og skal gjere gudstenesta til ei samling for heile kyrkjelyden
Luther oppmoda sterkt til salmesong og bruk av musikk. Musikklivet i Ulstein blomstrar og det er flott at vi skal feire reformasjonen her i Ulstein med mykje song og musikk.
Vi har også fått i gåve eit heilt nytt altersett som skal takast i bruk denne dagen. Vi takkar Bygdastova for deira generøse utlån av nattverdsett til kyrkja over mange år.
Reformasjonsdagen har mange tradisjonar med seg som å jage bort noko vondt med godt. Alle sjelers kveld,- Halloween-  markere dette, og borna som deltek kan også kle seg ut. Vi  samlar vertfall saman den største godteskåla de kan tenke dokke, alle kan ta med litt smågodt som vi et saman etter gudstenesta. Det skal vere nok nåde og smågodt til  alle! Ver med og feir dette viktige grunnlaget for vår kyrkje, våre fellesskap og for vårt samfunn. Nåden åleine!

Temaframsyning for skulane i veke 43:
Det blir 4 dagar med temaframsyning i kyrkja om reformasjonen for skulane i Ulstein kommune. Reformasjonshistoria – både lokalt og i den store samanhengen, vil bli gjort levande gjennom skodespel, song og vandring i kyrkjerommet.

Konsert "Luther-salmar i ny tonedrakt" 26. oktober kl. 20.00
Gamle salmar frå Martin Luther får ny tonedrakt. Domkantor Magnus Moksnes Myhre, saman med 5 solistar frå domkantoriet, står for denne kvelden i Ulstein kyrkje. Fri adgang.

Temakveldar: I heile 2017 har bodskapen om nåde i reformasjonen vore overordna tema på temakveldane og bibeltimane på Fredheim. Her er det framleis fleire kveldar med gode foredragshaldarar som kjem, den neste er 9. november. Fri adgang.

Fagdag i Volda 21/10: Reformasjonen blir og feira med ein fagdag i Volda under tema; kultur-song-kunnskap. Fagdagen er ikkje berre for tilsette, men for alle som har lyst til å ta del. Vi vonar at mange vil vere med på dette arrangementet på laurdag 21/10. Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du treng skyss til og frå Volda.
Påmelding fagdag skjer gjennom denne linken: https://kyrkja.no/nn-NO/bispedommer/more/pameldingsskjema/pamelding/

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997