Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ønskjer du å delta i ei sorggruppe?

Vi startar opp sorggruppe: Å kjenne på sorg når nokon ein er glad i døyr, er ein heilt naturleg reaksjon. Korleis og kor lenge ein sørgjer er ulikt frå person til person. Alle som mistar nokon må skape eit nytt fotfeste i livet utan den som har døydd, og å sørgje samstundes som ein må koma seg vidare i livet, kan vere hardt og krevjande arbeid.

Etterlatne framhever særskilt at den gjenkjenninga og identifiseringa ein føler med å møte andre som er i same situasjon er det viktige med sorggruppe- deltaking. Her kan ein gje uttrykk for si sorg saman med nokon som ”verkeleg forstår”, og dei vonde opplevingane vert anerkjent og får plass.

Ein kan både gje og få gode råd og informasjon, og det kan også gje livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogleg å kome vidare i livet etter dødsfall. Ei som var med på ei gruppe tidlegare sa det slik; »Sorggruppa hjelpte meg på vegen tilbake til å kjenne livsgleda. Det var så godt å vete at slik eg opplevde ting, ikkje var unaturleg.»

Gruppa vert leia av Ranveig Kaldhol, diakon i Ulstein, og Leidulv Ø. Grimstad, sokneprest i  Hareid.

Ta kontakt med kyrkjekontora for påmelding:

Ulsteinvik: tlf. 700 17 680                                                                     
e-post: rk952@kyrkja.no

Hareid: tlf. 700 95 130
e-post: leidulv.grimstad@hareid.kommune.no

Påmeldingsfrist: 26. november 2018.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997