Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ein periode i ungdomstida kor ein kan erfare, reflektere og undre over spørsmål knyta til tema som identitet, fellesskap, kyrkje, dåp, nattverd, Gud, Jesus og Den heilage Ande. Dette skjer gjennom undervisning, gruppesamlingar, leik, leir, musikk, film, gudstenester og meir. Dette er ei tid kor fellesskap er viktig, og ei tid kor vi er medvandrarar i møte med tru, tvil og undring.

Konfirmasjon er ein av bygda sine årlege festdager. Mange stader er det ei merkedag med bunadar, samedraktar og ei «engleskare» av ungdommar som nokon timer klarer seg utan ball, mobiltelefon og PC. Det er fleire enn kamerater og venninner som blir ekstra stille når innbydinga blir konkret og nær: «kom no fram til Herrens altar, så vi kan be for kvar einskild av dykk i Jesu namn.

Sjølve konfirmasjonen er ei forbønshandling. Ordet «konfirmere» betyr «stadfesting». I Den norske kyrkje vektleggjas det at det er Gud som stadfester sin kjærleik og dei lovnadene gjeven ved dåpen.

Konfirmasjon er meir enn sjølve konfirmasjonsdagen med gudsteneste og fest. Konfirmasjonstida, som gjeng over dei to semestra kor ungdommane går i 9.klasse, er ein vesentleg del av konfirmasjonen. Dette er ei tid kor ungdommane får være del i et fellesskap kor dei saman kan undre og reflektere over den kristne tru og innehald.

 

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997