Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Påmelding konfirmasjon 2018

Konfirmasjon – Tid for dei store spørsmåla.

Påmelding til konfirmantåret er no open! Gå til https://minkirkeside.no/Ulstein/ og følg instruksjonane der.

Du kjenner kanskje nokon som er konfirmert? No er det DIN TUR!
Vi gler oss til å gje deg og foreldra dine meir informasjon om kva det vil seie å vere konfirmant. Difor håper vi de kan kome på innskrivingssamling i Ulstein kyrkje tysdag 28. august kl. 18.00. Der vil du få meir informasjon om konfirmantåret, og du får sjansen til å spørje om alt du lurer på som har med konfirmasjon å gjere!

Du få meir info på møtet den 28. august, men du kan allereie no vite om nokre datoar:

  • Supertorsdag: Torsdag 08. november kl. 14.00 – 17.00. Oppstart, bli kjent, litt om dåp/gudsteneste/nattverd. Førebuing til presentasjonsgudstenesta.
  •  Presentasjonsgudsteneste (offisiell oppstartsmarkering) blir i Ulstein kyrkje søndag 11. november for alle konfirmantar.
  • Supertorsdag: Torsdag 06. desember kl. 14.00 – 17.00. Temasamling pluss førebuing til lysmessa.
  • Søndag 09. desember kl. 17.00: Lysmesse i Ulstein kyrkje.
  • Konfirmasjon blir laurdag 14. og søndag 15. september 2019.
  • For å bli konfirmert må du følgje den obligatoriske konfirmantundervisninga. Mykje av  undervisninga foregår på leir. Difor MÅ konfirmantane prioritere å delta på ein av desse to leirane: Anten fredag til tysdag i vinterferien, eller starten av sommarferien. Meir info om dette på innskrivingssamlinga 28. august kl 18.00 i Ulstein kyrkje.

Velkomen til leir, gudsteneste, bøsseinnsamling, undervisning, diskusjon, lystenning, bibel, bøn og mykje meir!​

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997