Drop inn dåp

I sommar prøver me noko nytt!

Drop inn dåp

Frå tid til annan tek folk kontakt med meg og spør om dåp. Dei er som regel ikkje den typiske familien med nyfødd baby, men gjerne eldre, vaksne eller dei har store barn som sjølv seier at dei vil bli døypte. No har me hatt to år med korona, så kanskje den planlagde dåpen aldri vart gjennomført?

Dåp er uansett  ikkje like vanleg som før, tidene endrar seg og slik er det.

Kyrkja kan også oppfatte og tilpasse seg tida me lever i, sjølvom Kyrkja gjerne får kritikk for netopp det. Drop inn dåp er eit slikt tilfelle:

Eg høyrer allereie kommentarene: ‘neiognei – skal de berre døype folk som kjem innom?’

‘Ja, viss dei ønsker det og ikkje er døypte før, så skal me det.’

 

Dåpen krev ikkje store selskap og lange lange liturgiar.

Det som trengst er vatn, Guds ord, og den som vil bli døypt med den kristne dåpen.

 

Slik kan det gjerast:

Søndag 10.juli kl 10 -15 er eg i St Tomaskyrkja.

Eg har med vatn, Bibel, blanke dåpsattestar, stempel og fadderhelsingar.

Du kjem sjølv eller med den/dei de vil døype og to fadrar som vitner. Dei må være 15 år eller eldre. Dersom du kjem med barn, må begge foreldra samtykke i at barnet blir døypt.

Du kan ringe meg (tel 92653320) å ta ein prat om dette, eller berre møte opp og så bestemme deg.

 

Vel møtt til Filefjell drop in dåp 10.juli i sommar!

 

Venleg,

Ingebjørg Vik Laugaland

Sokneprest

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Klukkarhaugen: Ope måndag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Prestekontoret i Drengestøga: ta kontakt med soknepresten for avtale. 

Adresse kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5175, 2975 VANG I VALDRES

Besøksadresse Klokkarhaugen:

Tyinvegen 5175

Adresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 VANG I VALDRES

Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"