Som konfirmant får du bety noko for andre. To veker før påske deltek rundt 40 000 frivillige frå 1200 norske kyrkjelyder i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Majoriteten av desse er konfirmanter.
4 millionar menneske manglar tilgang til reint og trygt vatn. 29 millionar menneske har ikkje tilgang til gode sanitærforhold. Det samlar vi inn pengar til i fasteaksjonen.
Eit håp kan byrje med ein drope vatn og gje ei framtid utan svolt,
fattigdom, sjukdom og konflikt. Med konfirmantane sitt engasjement gjer vi ein
forskjell for dei som treng det aller mest. Støtta frå konfirmantane reddar liv.
Derfor deltek konfirmantane i fasteaksjonen
Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema i konfirmanttida. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er nokre av oppgåvene våre.
Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobbe for å skape ei meir rettferdig verd - lokalt og globalt.
I konfirmasjonstida snakkar vi om nestekjærleik og om nåde - slik Gud viser nåde mot oss, skal vi vise nåde mot kvarandre - vi er alle skapt i Gud sitt bilde.
Fattigdom er urettvis. Det er nok reint vatn og mat til alle, men spelereglane gjer dei rikaste rikare og dei fattigste fattigare. Saman kan vi gi dei stemmelause ei stemme der avgjerslene blir tatt.
Kirkens Nødhjelp er kyrkjelydane sin internasjonale hjelpeorganisasjon. Fasteaksjonen er ein stor dugnad før påske.