Årsmelding 2021 - Kyrkja i Aurland

Dåpshandlingen

Godkjend av Aurland kyrkjestyre 17. februar 2022

Råd og utval

Aurland kyrkjestyre:

Aurland kyrkjestyre hadde i 2021  5 møter og handsama 20 saker.

Rådsstruktur

Prøveordninga med forenkla rådsstruktur er innvilga forlenga til å gjelde til 01. november 2023. Sokneutvala i kvart av dei 4 sokna består av alle som stod på lista til valet.

Medlemmar i kyrkjestyret 2021:

Frå Vangen sokn:                           

Faste: Sigrid Sønnerheim Tønnessen (nestleiar)og Sissel Aadnøy Aalen                                                

Vara: Sølvi Karlsen Høydal og Irene Borlaug Stegen

Frå Flåm sokn:

Faste:Gerd Stave og Inger Lise Skjerlie

Vara: Jorunn Heggdal og Anne Sønni Flæthe

Frå Undredal sokn:                     

Faste: Leif Inge Underdal (leiar) og Gunhild Strand Borlaug                                                        

Vara: Trude Ragnhild Høiby og Inger Oline Øy

Frå Nærøy sokn: 

Faste: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun

Vara: Norun Anny Larsen og Per Ramsøy 

Kommunal representant:           

Fast: Trygve Skjerdal

Vara: David Underdal

Geistleg representant:                

Fung. sokneprest John Ove Thaule

Vara:  Prost  Geir Paulsen

Sekretær for kyrkjestyret:

Kyrkjeverje Monica Finden

Det er ein fin balanse mellom kvinner og menn blant dei faste medlemmane i kyrkjestyret.

Sokneutvala:

Nokre av sokneutvala har hatt nokre møter i 2021 der dei har gått gjennom aktuelle saker for si kyrkje, sett opp kyrkjevertar til gudstenestene m.v.. Medlemmane i sokneutvala har alle stader stilt velvillig opp i samband med kyrkjekaffi og som kyrkjevertar, men dette har det vore mykje mindre av i 2021 enn vanleg pga korona/Covid-19.

Tilsette

Staben under kyrkjestyret:

Me har vore utan trusopplærar sidan mai 2018, bortsett frå ein kort periode frå februar til juli 2020 då Gidske Stark var tilsett. I 2021 har me leigd inn Karoline Thyri til nokre aktivitetar. I tillegg har Gunnar Eldevik (sokneprest i Lærdal) hatt ansvar for konfirmantopplæringa og  Ådne Skiftun og John Ove Thaule har hatt nokre samlingar med skule/barnehage. Øvrige tilsette har vore stabile i jobben. Stanislav er her som vanleg berre halve året. Det har ikkje vore sjukefråvær i 2021.

Inger Marie Holm Hjellum har vore kyrkjetenar i Vangen og Flåm kyrkje i tillegg til sekretær med tilsaman 30 % stilling frå 31.07.14 og fekk utvida med reinhald i 2016 og kyrkjetenar i Undredal i april 2019, slik at ho no har til saman 48% stilling. Monica Finden har vore kyrkjeverje sidan 01.01.08 i 80 % stilling, men auka opp til fast 100 % frå 18.08.14 då sekretærstillinga vart redusert med 30%. Liv Marit Tufte har vore kyrkjetenar på Bakka i 7 % stilling sidan pinsen i 1996. I tillegg har Tormod Underdal vore tilsynshavarar i Undredal kyrkje sidan september 2020.

Stanislav Leontev har vore fast organist sidan 08.08.08 i 80 % stilling i månadane frå mars til og med mai, og frå oktober til og med desember. I hans fråver har me vore heldige å fått Sverre Martin Volle og Ellen Marie Selland Geithung til å vikariere i dei fleste gudstenester, gravferder og vigslar.

Anders Aasen har velvillig stilt opp på andakter/sangstunder på helsetunet både med og utan presten og Stanislav.


Prestetenesta:

Etter 3. gongs utlysing, vart Anna Elisabet Gestsdottir (Lisa) tilsett som sokneprest i Aurland i september 2021, men ho tiltredde ikkje stillinga før midten av januar 2022. Stillinga hadde då vore ledig sidan Johannes Noord slutta i september 2019. John Ove Thaule har vore fungerande sokneprest og Ådne Skiftun har vore fast vikar i heile 2021. Geir Paulsen har vore prost i Sogn prosti i 2021.

Forvaltninga

Økonomi og investeringar:

Den kommunale overføringa for 2021 var kr. 2.458.000 til drift. Det var i tillegg løyvd kr. 400.000 til reparasjon av sprekkdannelsar på Vangen kyrkje. I 2021 mottok me kr. 146.238 i støtte frå kyrkjerådet/bispedømet til trusopplæringa, og det er motteke kr. 15.612 frå KFUK/KFUM i frifondsmidlar. Frifondsmidlane betingar at konfirmantane vert melde inn i KFUK/KFUM.
Det er tilbakebetalt ca. kr. 111.000 frå KLP pga. korrigering av innmelding av tilsett frå 2015-2021.

Rekneskapen viser eit mindreforbruk på kr. 212.982,95.

2021 er mykje same situasjonen som i 2020, med at reduserte aktivitetar pga. korona påverkar heile rekneskapen, bl.a. ved at Stanislav berre hadde ca. 3 månader her og at me ikkje har hatt trusopplærar tilsett. Reduserte aktivitetar og stengde kyrkjer i sommar har óg gitt redusert takkoffer og innsamla midlar til eiga verksemd i forhold til «normalår».

Ein del av det som har ført til mindreforbruk i 2021 vil gi større utgifter i 2022 då det er ein del tiltak, spesielt innafor trusopplæringa, som me treng «å ta att». Men kva me klarar å ta av aktivitetar vert avhengig av korleis koronarestriksjonane vert framover.

Dei største differansane i forhold til budsjett er:
På kyrkjeleg administrasjon (funk 4100) går funksjonen samla sett med ca 72.000 i mindreforbruk. Her er avvik i hovudsak knytt til lønsutgifter (50.000 overført trusopplæringa), pensjonsinnskot, internett og utstyr (oppgradering i samband med omlegging hjå kommunen) og avgifter kurs/seminar der skulen for kyrkjeverja ikkje er fakturert enno.
På kyrkjer felles (funk 4200) er det samla sett ca. 118.000 i mindreforbruk. Differansen er i hovudsak knytt til lønskostnader og pensjonsinnskot for organist, då organisten pga. koronarestriksjonane ikkje var her meir enn ca. 3 månader, medan det var budsjettert med 6 månader.
På Vangen kyrkje (funk 4210) er det samla sett nokolunde i balanse. Her er ikkje alle tiltak i samband med sprekkdannelsar og drenering teke, men kostnaden med det som er gjort, er nokolunde i balanse med motteke tilskot so langt.
For Flåm kyrkje (funk 4220) er det samla sett ca. 33.000 i meirforbruk. Dette skuldast i hovudsak meir utgifter til vedlikehold (stakittgjerde og vannrøyr) og at me ikkje har fått inn noko i kyrkjebøssa der det var budsjettert med kr. 25.000. Det er óg ubrukte midlar på 18.000 til ekstrahjelp, då kyrkja har vore stengd i sommar.
For Undredal kyrkje (funk 4230) er det samla sett ca. 19.000 i meirforbruk. Her er det i hovudsak pga. utgifter til frosne vannrøyr, måling utvendig ikkje er gjort og mindre i leigeinntekter. Elles er det store differansar i alarmsystem/kameraovervaking og tilskot, men desse går samla sett i balanse då alt vert dekka av Riksantikvaren.

For Bakka kyrkje (funk 4240) er det ca. 14.000 i mindreforbruk. Her er det brukt mindre samla sett til ekstrahjelp/vedlikehald av bygg/anlegg og mindre til straum.
For kyrkjegardar felles (funk 4300) er det samla sett ca. 42.000 i mindreforbruk. Dette skuldast i hovudsak få gravferder og dermed mindre på graving av graver. Her er alt som vedrører kyrkjegardane ført samla.
For trusopplæringa (funk 4410-4415+4440) er det samla brukt ca. 27.000 mindre enn budsjettert. Me har ikkje hatt trusopplærar tilsett, men 50.000 av lønskostnad for kyrkjeverja/sekretær er overført hit då dei har teke noko av dei oppgåvene. Noko kostnader til vikar kjem på 2022 då oppgåvene var utført i desember og for seint til å komme med på løna for 2021. Me har motteke ca. 19.000 meir i tilskot frå kyrkjerådet/bispedømet enn budsjettert, då me fekk kr. 15.000 i tilskot til frivillig arbeid, og me har fått inn noko meir i offer enn budsjettert. Me har kjøpt inn ein del opplæringsmateriell i 2021 som kjem til å bli brukt i 2022, då det har vore forholdsvis få trusopplæringsaktivitetar utanom konfirmantarbeid. Bl.a. har me ikkje delteke på sommarleir eller vinterfestival for konfirmantar. Det er heller ikkje gjennomført frivilligfest.
For Smevang (funk 4450) er det brukt ca 7.000 mindre enn budsjettert. Dette skuldast mindre kostnader til straum og vedlikehold enn det var budsjettert med.

Sjå ellers fullstendig rekneskap og oversikt over gåvefonda.

Kyrkjegardsforvaltninga:

Skjerdal Landskapspleie utfører alt av vedlikehald og graving på kyrkjegardane i Aurland kommune. Dei har utført jobben på ein god måte og samarbeidet har vore godt. Me får mange gode tilbakemeldingar frå innbyggjarane på arbeidet dei utfører. Avtalen med Skjerdal Landskapspleie går ut 31.12.22.

Det har berre vore 9 gravferder og 1 bisetjing i 2021, mot 16 gravferder i 2020.

Det vart gjennomført dugnader på alle kyrkjegardane i vår.

Kyrkjegardsregisteret ligg ute på nettsida, slik at alle som ynskjer det, kan finne fram til gravplassar i kommunen. Det ligg óg link til «Slekt og data» der ein kan finne bilete av gravminne.

Vedtektene for kyrkjegardane vart sist revidert i 2014.

Det aller meste av gravminne er fotografert i 2014-2016 og sende til DIS-Norge. Dei har lagt dette ut på nettet, og ligg ope for alle til å søke på.

Kyrkjebygga:

Kyrkjebygga våre er generelt i god stand.


Vangen kyrkje (1202, freda)

Har fått sprekkdannelsane reparert i 2021. Dreneringsarbeidet er planlagt til våren 2022. Kommunen betalte ut kr. 400.000 til desse reparasjonane, og me har fått tilsegn frå RA på kr. 500.000. Basunenglane og offerlammet på altertavla er reparert i 2021.


Flåm kyrkje (1670, verna)

Hadde eit stort vedlikehold saman med reparasjonane etter flaumen i 2014. Då vart ho bl.a. heva ca. 35 cm., og arbeidet var ferdig i 2016. Diverre har klokketårnet ikkje blitt tjørebreitt enno trass mange purringar på utførar. Taket bør vurderast utbetra.


Undredal kyrkje (1147, freda stavkyrkje)

Vart sett i stand gjennom Stavkyrkjeprogrammet i 2014 for vel 5 mill. Då vart ho bl.a. heva ca. 30 cm.. Heile rapporten kan lesast på https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421086. Prosjektet med videoovervaking som vart igangsett i 2020, vart ferdigstilt i slutten av 2021. Dette arbeidet, som kosta vel 1 mill, vert dekka av midlar frå Riksantikvaren. Hjortehovuda på lysekruna vart reparert og festa i 2021.

Bakka kyrkje (1859, listeført)

Vart i 2019 måla i våpenhuset og i 2014 vart ho måla utvendig og skifta noko kledning. Noko av kledningen og stakittgjerdet vart måla i 2021. Her bør ein vurdere å måle taket i skipet då det flassar ein del.

Aktivitetar:

I 2021, som i 2020, har det vore sterkt redusert med aktivitetar pga. koronaen som kom i mars 2020. Det har vore lite aktivitetar utover gudstenester, gravferder og ein del eigne dåpsseremoniar, men konfirmantopplæringa har gått nesten som normalt. Dette skuldast bl.a. at det i samband med smittevern har vore strenge retningslinjer på kor mange me kan ha i kyrkjene, avstandskrav på 1-2 meter osv..
I 2021 var det 45 gudstenester totalt i kommunen, mot 35 i 2020, med til saman 1.749 (1.160 i 2020) deltakarar. Nokre av gudstenestene er reine dåpsgudstenester pga koronabegrensingane i tal deltakarar. Tal gudstenester og deltakarar har gått opp att frå 2020, men er framleis lågt i forhold til normalt. Dette skuldast både begrensingar i tal deltakarar og gjennomføring av gudstenester. I tillegg har me lagt ut noko digitalt på Facebooksida vår. I størstedelen av 2021 har me vore pålagt å føre namnelister, og det har krevd 1 ekstra person på jobb eller at kyrkjevertane har skrive lister. Me håpar at gudstenestelivet snart kan gå tilbake til «normalen» slik at ein kan holde på planlagde gudstenester og at alle som ynskjer det, kan komme i gudsteneste.
Det var 24 (12) barnedåpar (6 av dei busette i andre kommunar), 16 (16) konfirmantar, 1 (4) vigsel og 9 (16) gravferder i Aurland i 2021. (Tala for 2020 i parantes.) Sjå elles vedlagde statistikk.
Anders Aasen, samt presten og/eller organisten har hatt jamnlege andakter og musikksamlingar på Aurland Helsetun.
Opplev Undredal AS har hatt drifting av guidetilbodet i Undredal kyrkje i 2021.
73,2% (1.297) av innbyggjarane i Aurland er medlemmar i Dnk. Dette er ein nedgang i forhold til ein del år tilbake, men har si naturlege forklaring i at ein del personar har flytta hit frå andre land dei siste åra. Bl.a. er det ca 89 personar berre frå Polen og Lituen.

Nye steg – trusopplæringa

Frå 01.01.2018 var samarbeidet om trusopplæring med Lærdal avslutta.

I 2021 har me hatt lite aktivitetar i trusopplæringa pga. korona, men likevel meir enn i 2020. Både sommarleiren på Nesholmen, Tårnagent, Lys Vaken, juniorkonfirmantar (5.kl.) og filmsamling for 5-åringar har vore avlyst. Det har heller ikkje vore frivilligfest i 2021. Me har bl.a. gjennomført julevandring for 1. og 2. klasse, adventssamlingar for skular og barnehagar, og 4- og 6-årssamling vore gjennomført.
På skulestartsgudsteneste 22. august var det 8 spente 1.klassingar som deltok. Dei gjekk, saman med presten, på raud løpar inn i gudstenesta og dei fekk utdelt 6-årsboka.
Me har ikkje gjennomført Vandring Gjennom Bibelen i 2021 (eit tilbod til 5. klasse på skulen i skuletida), då det berre er godkjende personar med gjennomført kurs som kan undervise i dette, og me har ikkje leigd inn nokon dette året. Når me evnt. får tilsett trusopplærar, so er dette noko me bør gi opplæring i ogå få gjenomføre.
Kor Blå (barnekoret vårt) var ikkje i aktivitet i 2021.

Det er sendt ut dåpshelsingar til alle døypte til 1-, 2-, 3- og 5-års dåpsdag. Dei får då tilsendt CD eller bok, alt etter alder. Inger Marie har ansvar for dette tiltaket. I tillegg er det delt ut 4-årsbok og 6-årsbok i gudstenester, og 6-åringane var inviterte til laurdagssamling.

Gunnar Eldevik hadde ansvar for konfirmantane i 2021. Konfirmasjonar vart utsett frå mai til oktober pga koronaen. I konfirmasjonsgudstenestene måtte det vere 1 meter avstand mellom dei som elles ikkje bur saman. Dette gjorde at kvar konfirmant måtte velje kven som skulle få vere med i kyrkja, og dei kunne ha med seg 10-15 gjester kvar. I tillegg streama me alle konfirmasjongsgudstenestene slik at dei konfirmasjonsgjestene som ikkje kunne vere i kyrkje pga. antalsbegrensing, kunne sjå direktesending der dei var. Vinterfestival på Voss, som brukar å vere i februar, vart avlyst. Elles har dei hatt vanlege konfirmantsamlingar delvis i Smevang og delvis i kyrkja. Me har som mål at alle våre konfirmantar skal ha vore med som medhjelparar i alle våre kyrkjer i løpet av si konfirmanttid. Dette har fungert bra, og me trur at det er positivt for dei å kjenne til alle dei 4 flotte kyrkjene våre. Resultatet er óg at mange foreldre og syskjen får sjå alle kyrkjene våre.

Kyrkja har vore aktive med å legge ut bilete og informasjon frå arrangement på Facebook-sida vår, og det har vore viktig å raskt få ut informasjon om endringar som har vore i samband med koronarestriksjonar. Oppfordrar alle som er på FB til å like sida vår «Kyrkja i Aurland». I tillegg er vår eiga nettside på kyrkja.no/aurland i aktiv bruk. Det er Inger Marie som i hovudsak har jobba med denne, og der vil det ligge både generell informasjon og informasjon om enkeltaktivitetar.

2021 har vore eit spesielt år på alle måtar. Det har generelt vore færre aktivitetar, men dei aktivitetane me har hatt, har krevd ein del meir førebuing for å ivareta alle smittevernreglar. Det har óg vore vanskeleg å planlegge for ting fram i tid då smittevernreglane har variert ut frå smittetrykket i landet. Aurland kommune har heile tida fulgt dei nasjonale smittevernreglane, og har ikkje hatt eigen innstrammingar. Me har vore forholdsvis heldige i Aurland som har hatt lite smitte blant våre innbyggjarar, og det har trass alt lege som ein tryggleik når me har planlagt det me har hatt. Og so håpar me at alt vert betre i 2022.

Vedlegg:
1. Detaljert rekneskap for 2021
2. Årsstatistikk for Den Norske Kyrkja 2021

Aurland 17. februar 2022

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"