Årsmelding 2022

Årsmelding 2022 for kyrkja i Aurland

Årsmelding 2022

Godkjend av Aurland kyrkjestyre 01. mars 2023

Råd og utval

 

Aurland kyrkjestyre:

Aurland kyrkjestyre har i 2022 hatt 4 møter og handsama 16 saker.

 

Rådsstruktur

Prøveordninga med forenkla rådsstruktur er innvilga forlenga til å gjelde til 01. november 2023. Sokneutvala i kvart av dei 4 sokna består av alle som stod på lista til valet. I sak 012/22 er det gjort vedtak om å søke om å få prøveordninga som varig ordning då det no er opna for det i lovverket.

 

Medlemmar i kyrkjestyret 2022:

Frå Vangen sokn: 

Faste: Sigrid Sønnerheim Tønnessen (nestleiar)og Sissel Aadnøy Aalen   

Vara: Sølvi Karlsen Høydal og Irene Borlaug Stegen

Frå Flåm sokn:                                 

Faste: Gerd Stave og Inger Lise Skjerlie                                                                                               

Vara: Jorunn Heggdal og Anne Sønni Flæthe

Frå Undredal sokn:                        

Faste: Leif Inge Underdal (leiar) og Gunhild Strand Borlaug                                                                        

Vara: Trude Ragnhild Høiby og Inger Oline Øy

Frå Nærøy sokn:                             

Faste: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun                                                                                   

Vara: Norun Anny Larsen og Per Ramsøy 

Kommunal representant:           

Fast: Trygve Skjerdal      

Vara: David Underdal

 

Geistleg representant:                

Sokneprest Anna Elisabet Gestsdottir (til aug. 2022)

Vara:  Prost  Geir Paulsen

Sekretær for kyrkjestyret:          

Kyrkjeverje Monica Finden

 

Det er ein fin balanse mellom kvinner og menn blant dei faste medlemmane i kyrkjestyret.

 

Sokneutvala:

Nokre av sokneutvala har hatt nokre møter i 2022 der dei har gått gjennom aktuelle saker for si kyrkje, sett opp kyrkjevertar til gudstenestene m.v.. Medlemmane i sokneutvala har alle stader stilt velvillig opp i samband med kyrkjekaffi, som kyrkjevertar, på dugnader og i andre samanhengar.

 

 Tilsette

 

Staben under kyrkjestyret:

Det er ein stabil stab under kyrkjestyret, og det har vore minimalt med sjukefråvær i 2022.

 

Frå hausten har Elin Mbogo-Svensson vore tilsett som kyrkjelydsarbeidar/trusopplærar på timebasis (etter eige val).

Inger Marie Holm Hjellum har vore kyrkjetenar i Vangen og Flåm kyrkje i tillegg til sekretær med tilsaman 30 % stilling frå 31.07.14 og fekk utvida med reinhald i 2016 og kyrkjetenar i Undredal i april 2019, slik at ho no har til saman 48% stilling.

Monica Finden har vore kyrkjeverje sidan 01.01.08 i 80 % stilling, men auka opp til fast 100 % frå 18.08.14 då sekretærstillinga vart redusert med 30%.

Liv Marit Tufte har vore kyrkjetenar på Bakka i 7 % stilling sidan pinsen i 1996.

Tormod Underdal vore tilsynshavarar i Undredal kyrkje sidan september 2020.

Stanislav Leontev har vore fast organist sidan 08.08.08 i 80 % stilling i månadane frå mars til og med mai, og frå oktober til og med desember. I hans fråver har me vore heldige å fått Sverre Martin Volle og Ellen Marie Selland Geithung til å vikariere i dei fleste gudstenester, gravferder og vigslar, og me har hatt nokre andre vikarar.

Anders Aasen har velvillig stilt opp på andakter/sangstunder på helsetunet både med og utan presten og Stanislav, og er løna med pensjonistløn for det.

Prestetenesta:

Anna Elisabet Gestsdottir (Lisa) var i stillinga som sokneprest i Aurland frå januar 2022 til august 2022. Etter det har det vore forskjellige vikarar som har teke tenestene i Aurland.

Gunnar Eldevik (sokneprest i Lærdal) hatt ansvar for konfirmantopplæringa.

Geir Paulsen har vore prost i Sogn prosti i 2022.

 

 

Forvaltninga

Økonomi og investeringar:

Den kommunale overføringa for 2022 var kr. 2.590.000 til drift.

I 2022 mottok me kr. 138.515 i støtte frå kyrkjerådet/bispedømet til trusopplæringa, og det er motteke kr. 12.110 frå KFUK/KFUM i frifondsmidlar. Frifondsmidlane betingar at konfirmantane vert melde inn i KFUK/KFUM.

 

Rekneskapen viser eit meirforbruk på kr. 90.640,66.

 

I 2022 tok aktivitetane seg opp att etter 2 år med korona. Det var jamleg gudstenester utover året, og ikkje begrensingar i tal besøkande eller krav om avstand. Me ser likevel at det tek tid å få opp att oppslutninga om aktivitetane, so sjølv om fleire årskull er inviterte til aktivitetar og folk ikkje treng begrense seg i gudstenester, so har det ikkje ført til særleg auka utgifter i 2022 utover det som er i «normalår».

 

Dei største differansane i forhold til budsjett er:

På kyrkjeleg administrasjon (funk 4100) går funksjonen samla sett i balanse. Lønskostnader med kr. 50.000 er overført frå funk. 4100 til funk. 4410 for å få eit rettare kostnadsbilete då kyrkjeverja har utført ein del trusopplæringsoppgåver som trusopplærar ikkje har teke, i tillegg til at sekretær tek utsending av dåpshelsingar. Dermed er lønskostnader her ca. 33.000 mindre enn budsjettert. Elles er det meirforbruk knytt til ny IKT-avtale med kjøp av tenester (IKT Nordhordland), internett med til saman 32.432 og lisensar med 12.700.

kyrkjer felles (funk 4200) er det samla sett ca. 60.000 i mindreforbruk. Differansen er kytt til lønskostnader, arb.g. avg. m.v. for organist, då organisten var her litt kortare tid enn 6 månader.

Vangen kyrkje (funk 4210) er det samla sett ca. 228.000 i meirforbruk. 150.000 av dette er relatert til budsjettert bruk av disposisjonsfond til utgifter i samband med sprekkdannelsar og drenering der bruk av disposisjonsfond ikkje er ført, medan alle utgiftene er ført. Utgiftene er 57.000 høgare enn budsjettert. Prosjektet er ferdigstilt.  

For Flåm kyrkje (funk 4220) er det samla sett nokolunde i balanse.

For Undredal kyrkje (funk 4230) er det samla sett ca. 20.000 i mindreforbruk. Her er det i hovudsak auka inntekter med 35.000 på husleige som gir differansen, samt 14.000 i auka vedlikehald på anlegg (måling).

For Bakka kyrkje (funk 4240) er det samla sett i balanse, men det er litt differansar innad mellom dei forskjellige vedlikehaldspostane.  

For kyrkjegardar felles (funk 4300) er det samla sett ca. 39.000 i mindreforbruk. Dette skuldast i hovudsak auka festeavgift med ca. 66.000 og redusert vannavgift med ca. 12.000, samt auka utgifter med kr. 36.000 til driftsavtale og graving av graver. Her er alt som vedrører kyrkjegardane ført samla.

For trusopplæringa (funk 4410-4415+4440) er det samla brukt ca. 121.000 mindre enn budsjettert. Dette skuldast bl.a. at me har hatt trusopplærar berre litt på timebasis i stadenfor i fast stilling. Her er det overført 50.000 i lønskostnader frå administrasjon til trusopplæring då det er kyrkjeverja som har teke store deler av aktivitetane som ikkje trusopplærar har teke, samt at sekretær har hatt utsending av dåpshelsingar. Me har motteke ca. 12.000 mindre i tilskot frå kyrkjerådet/bispedømet enn budsjettert, og me har fått inn noko meir i offer enn budsjettert. På funksjon 4413 har me ikkje utgiftsført transportutgifter då me ikkje har motteke rett rekning på bussutgifter til sommarleiren. I tillegg var det adskillig færre deltakarar enn me hadde budsjettert med. For konfirmantane (funksjon 4414) er det mindreforbruk på ca. 25.000 då det ikkje var Vinterfestival på Voss i 2022.

For Smevang (funk 4450) er det brukt ca 6.000 mindre enn budsjettert. Dette skuldast mindre kostnader til straum og vedlikehold enn det var budsjettert med då me får straumstøtte til dette bygget.

 

Sjå ellers fullstendig rekneskap og oversikt over gåvefonda.

Kyrkjegardsforvaltninga:

Skjerdal Landskapspleie utfører alt av vedlikehald og graving på kyrkjegardane i Aurland kommune. Dei har utført jobben på ein god måte og samarbeidet har vore godt. Me får mange gode tilbakemeldingar frå innbyggjarane på arbeidet dei utfører. Det er inngått ny Avtalen med Skjerdal Landskapspleie for 2023/2024.

 

Vangen kyrkjegard har fått status som middelalderkyrkjegard etter funna som vart gjort i samband med dreneringsarbeidet. Dei eldste funna er datert til år 120-248.

 

Det har  vore 19 gravferder og 1 bisetjing i 2022, mot 9 gravferder i 2021.  

 

Det vart gjennomført dugnader på alle kyrkjegardane i vår.

 

Kyrkjegardsregisteret ligg ute på nettsida, slik at alle som ynskjer det, kan finne fram til gravplassar i kommunen. Det ligg óg link til «Slekt og data» der ein kan finne bilete av gravminne.

 

Vedtektene for kyrkjegardane vart sist revidert i 2014.

 

Det aller meste av gravminne er fotografert i 2014-2016 og sende til DIS-Norge. Dei har lagt dette ut på nettet, og ligg ope for alle til å søke på. Dette ser ut til å bli fortløpande oppdatert av DIS-Norge.

 

Kyrkjebygga:

Kyrkjebygga våre er generelt i god stand.

Vangen kyrkje (1202, freda) har fått sprekkdannelsane reparert i 2021/2022. Dreneringsarbeidet er fullført hausten 2022, og varevindauga på glasmåleria er skifta ut. Kommunen betalte ut kr. 400.000 til desse reparasjonane i 2021, og me har fått kr. 500.000 frå RA i 2022, etter at sluttrapport er innsend.

Flåm kyrkje (1670, verna) hadde eit stort vedlikehold saman med reparasjonane etter flaumen i 2014. Då vart ho bl.a. heva ca. 35 cm., og arbeidet var ferdig i 2016. Diverre har klokketårnet ikkje blitt tjørebreitt enno trass mange purringar på utførar. Taket bør vurderast utbetra.

Undredal kyrkje (1147, freda stavkyrkje) vart sett i stand gjennom Stavkyrkjeprogrammet i 2014 for vel 5 mill. Då vart ho bl.a. heva ca. 30 cm.. Heile rapporten kan lesast på https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421086. Det er i 2021 montert videoovervaking av kyrkja. Kostnaden på vél 1 mill vart dekka Riksantikvaren. I 2022 er stakittgjerdet og deler av kyrkja måla.

Bakka kyrkje (1859, listeført) vart i 2019 måla i våpenhuset og i 2014 vart ho måla utvendig og skifta noko kledning. Noko av kledningen og stakittgjerdet vart måla i 2021. Her bør ein vurdere å måle taket i skipet då det flassar ein del.

 

Aktivitetar:

I 2022 har aktivitetane teke seg opp att etter 2 år med korona.

I 2022 var det 43 gudstenester totalt i kommunen, mot 45 (bl.a. nokre reine dåpsgudst. pga koronarestriksjonar) i 2021, med til saman 1.884 (1.749 i 2021) deltakarar.

Det var 11 (24) barnedåpar (3 av dei busette i andre kommunar), 15 (16) konfirmantar, 6 (1) vigslar + 1 kyrjeleg velsigning og 19 (9) gravferder i Aurland i 2022. (Tala for 2021 i parantes.) Sjå elles vedlagde statistikk.

Anders Aasen, samt presten og/eller organisten har hatt jamnlege andakter og musikksamlingar på Aurland Helsetun.

Opplev Undredal AS har hatt drifting av guidetilbodet i Undredal kyrkje i 2022.

72,2% (1.279) av innbyggjarane i Aurland er medlemmar i Dnk. Dette er ein nedgang i forhold til ein del år tilbake, men har si naturlege forklaring i at ein del personar har flytta hit frå andre land dei siste åra. Iflg. SSB er det 311 personar (ca 18% av innbyggjarane) frå andre land, og bl.a. er det ca 121 personar berre frå Polen, Latvia, Lituen og Estland. Dei er naturleg medlemmar i sitt trussamfunn eller ikkje medlemmar.

 

Nye steg – trusopplæringa

Frå 01.01.2018 var samarbeidet om trusopplæring med Lærdal avslutta.

 

I 2022 har aktivitetane teke seg opp att. Både  sommarleiren på Nesholmen, Tårnagent og Lys Vaken har vore gjennomført, og det har vore frivilligfest i 2022. Tårnagentdagen for 2. og 3. klassingar var veldig triveleg med mange deltakarar og kjekke aktivitetar. Me har óg bl.a. gjennomført julevandring for 1., 2. og 3. klasse, adventssamlingar for skular og barnehagar, og 4- og 6-årssamling har vore gjennomført.

På skulestartsgudsteneste 21. august var det berre 2 spente 1.klassingar som deltok, og diverre ein del familiar det ikkje passa for. 1.klassingane gjekk, saman med presten, på raud løpar inn i gudstenesta og dei fekk utdelt 6-årsboka.

Me har ikkje gjennomført Vandring Gjennom Bibelen i 2022 (eit tilbod til 5. klasse på skulen i skuletida), då det berre er godkjende personar med gjennomført kurs som kan undervise i dette, og me har ikkje leigd inn nokon dette året.  

Kor Blå (barnekoret vårt) var ikkje i aktivitet i 2022, men trusopplæraren har hatt babysangsamlingar på hausten.

Det er sendt ut dåpshelsingar til alle døypte til 1-, 2-, 3- og 5-års dåpsdag. Dei får då tilsendt CD eller bok, alt etter alder. CDar er på veg ut, og vert erstatta av bøker eller lenker til stoff på nettet. Inger Marie har ansvar for dette tiltaket. I tillegg er det delt ut 4-årsbok og 6-årsbok i gudstenester.

Gunnar Eldevik hadde ansvar for konfirmantane i 2022, og konfirmasjonsgudstenestene vart gjennomført i mai slik det brukar å vere. Vinterfestival på Voss, som brukar å vere i februar, vart avlyst. Elles har dei hatt vanlege konfirmantsamlingar delvis i Smevang og delvis i kyrkja. Me har som mål at alle våre konfirmantar skal ha vore med som medhjelparar i alle våre kyrkjer i løpet av si konfirmanttid. Dette har fungert bra, og me trur at det er positivt for dei å kjenne til alle dei 4 flotte kyrkjene våre. Resultatet er óg at mange foreldre og syskjen får sjå alle kyrkjene våre.

Kyrkja har vore aktiv med å legge ut bilete og informasjon frå arrangement på Facebook-sida vår, og  det har vore viktig å raskt få ut informasjon om endringar i og etter uforutsigbare tider. Oppfordrar alle som er på FB til å like sida vår «Kyrkja i Aurland». I tillegg er vår eiga nettside på kyrkja.no/aurland i aktiv bruk. Det er Inger Marie som i hovudsak har jobba med denne, og der vil det ligge både generell informasjon og informasjon om enkeltaktivitetar.

2022 er året me kan sjå tilbake på som eit år der ting har normalisert seg etter 2 «uår». Me ser at det tek tid å komme i normal gjenge att, og å få opp att tal deltakarar, men med god jobbing framover frå tilsette, kyrkjestyre, sokneutvala og andre, so skal me igjen få god aktivitet i kyrkjene våre.

 

Vedlegg:

1.       Detaljert rekneskap for 2022

2.       Årsstatistikk for Den Norske Kyrkja 2022

 

Aurland 01. mars 2023

 

 

________________________                                                       ______________________

      Leif Inge Underdal                                                                                   Monica Finden

          Leiar                                                                                                            kyrkjeverje    

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"