- Det kan vera 50 deltakarar på alle innandørs arrangement med faste, tilviste sitjeplassar (nasjonal forskrift, des.2021). Desse kjem i tillegg til medverkande (prest, organist o.l.)
- Det er påbode med munnbind på alle innandørs arrangement (nasjonal forskrift, des.2021)
- Vi må registrere alle deltakarar med namn og telefonnummer. Kyrkja som arrangør er ansvarleg for varsling dersom det oppstår smitte.
- Alle får ein fast, tilvist sitjeplass når dei kjem i kyrkja. Kyrkjevertane vil vise deg til plassen der du skal sitja under heile gudstenesta. Nytt no er at vi også må ha oversikt over kvar i kyrkja du sat.
- Det skal vera 1m avstand mellom husstandar, kohortar og tilsvarande nære i kyrkjebenkane.
Julafta er det påmelding til gudstenestene kl 14.30 og kl 16.00.
Påmelding skjer via SMS
Send namn, antall og ønska gudsteneste til 400 65 231
1.juledag er det høgtidsgudsteneste kl 12.00. Her er det ingen påmelding.