Grunnen til at vi gjer dette, er eit ønskje om ei betre fordeling mellom Austrheim og Fedje når det gjeld formiddags og ettermiddagsgudstenester. Slik det har vore dei siste åra, har Fedje hatt flest ettermiddagsgudstenester og Austrheim flest formiddagsgudstenester.
Austrheim og Fedje deler på den samme presten og etterkvart også den samme organisten.Dermed er det både praktisk og rasjonelt at dei legg gudstenestene til samme søndagen og har to gudstenester samme dagen. Dette skjer i stor utstrekning allereie. Det har likevel vist seg som ønskjeleg at tidsavstanden mellom gudstenestene desse søndagane, bør kortast ned. Dette vil gjera arbeidssituasjonen for prest og organist betre.
Det vil framleis vera eigne klokkeslett på gudstenester 17.mai, julafta, konfirmasjonane og likande, akkurat som no.
Nye faste klokkeslett for ordinære gudstenester framover er som følgjer:
- Austrheim: Formiddagsgudstenester kl 12.00.
Ettermiddagsgudstenester: kl 17.00
- Fedje: Formiddagsgudstenester: kl 12.30.
Ettermiddagsgudstenester: kl 16.30 (som no).
Staben på Austrheim og Fedje vil gjera det vi kan for å informera om endringane og følgja dette fortløpande opp framover. Vi går no inn i ein periode der vi prøver dette ut. Det betyr at vi er opne for å gå tilbake igjen til gamle klokkeslett om dette ikkje vert ein suksess. På den andre sida kan det vera at desse endringane viser seg å fungera. Uansett vert dette ei sak som begge sokneråda vil følgja nøye med på framover.