Tre vise menn

Tradisjonen tru så har dei tre vise menn vore på besøk i barnehagane. Dette er eit adventspel med illustrasjonar, skodespel og mange kjente songar. Mia Kruger Etokebe og Jostein Hauge var vise menn. I Kaland barnehage var det Laila Larsen som var den tredje vise mann, og i Kystbarnehagen var det Britt Ystebø. Takk for ei kjekk stund i lag!

Tre vise menn

Her er historien om dei tre vise menn:

Ein gong for over 2000 år sidan, var det er konge som heitte Melkior som budde i eit land langt, langt øst. Du kunne spørje Melkior om nesten alt, og han kunne svare. Derfor vart han kalla ein vismann. Melkior likte veldig godt å gå på tur når det var mørkt, for då  kunne han sjå alle stjernene og månen. Det er utrulig mange stjerner på himmelen, og Melkior kjente namnet til mange av dei. Sjå der – der er karlsvogna. Den var ein av favorittane til Melkior. Han forestilte seg at han kunne hoppe opp i vogna og reise over heile verda.


Ein dag då han var ute på tur såg han noko rart. Det var kome ei ny stjerne på himmelen, men det var ikkje ei lita ei. Nei, det var ei kjempestor stjerne som lyste nesten like masse som månen. Melkior tenkte at den nye stjerna ville vise han noko stort som skulle skje. Han studerte stjerna og snakka med andre som jobba ved slottet hans. Melkior fann ut at han måtte følge stjerna, for stjerna ville vise vegen til det som skulle skje.

 En stjerne skinner i natt

Nå er den hellige time
vi står i stjerneskinn,
og hører klokkene kime
nå ringes julen inn.

Englene synger høyt i kor,
synger om fred på vår jord,
verden var aldri helt forlatt,
en stjerne skinner i natt

Ein annan plass, ikkje langt frå Melkior, budde ein konge som heite Kaspar. Han hadde også sett stjerna som lyste så sterkt på himmelen. Kaspar ville også følge stjerna for han forstod at det skulle bli født ein stor konge. Han hadde tatt med seg masse mat, telt og det han trengte for turen. Han tok også med ei gåve til den nye kongen som skulle komme. No måtte han bare finne ut kva han skulle ri på. Ein struts kanskje? Eller kua? Hmmm, kva skal han velge.

Kamelen Klara

En tiger er for diger og en flodhest er for brei,
Ei mus er for lita og ei løve er’ke grei!
Vi har ikke nok vann til å kjøpe en sel;
Da vet jeg hva vi gjør; Vi kjøper en kamel!
Så rir vi ut i ørkenen på kamelen Klara,
Jeg tror visst vi må være midt i Sahara!
Olakka, bola bola, Olakka, bola bola,
Jada jada jada, jada, jada, jada

 
Ja, det var lurt. Kaspar rir på kamelen Klara ut i ødemarka for å følge stjerna. Ennå visste ikkje han kvar han skulle, men han visste at stjerna ville vise vegen. Det som er litt skummelt er at Kaspar bare kan reise når det er mørkt, for det er då han ser stjerna. Han er litt redd for at han skal møte røvarar på vegen. Kanskje er det ville dyr også, men Kaspar er fast bestemt på at han skal følgje stjerna. Eine natta hører han nokre lydar bak seg. Han begynner å bli litt redd, og hopper av kamelen og gøymer seg bak ein stein. Tenk om det er røvarar. Han ser over kanten på steinen, og er ganske så redd. Kven trur du det er som kjem???? Det er Melkior som følgjer den same stjerna. Kaspar ser fort at dette ikkje er ein røvar. Han kjem fram frå steinen og seier ”hei”. Melkior blir overraska, men glad for å sjå ein annan vismann. Han smilte til Kaspar, og Kaspar smilte tilbake. Skal vi vere venner ?

Skal vi være venner

Skal vi være venner? Skal vi leke sammen, du og jeg?
Det å gå alene, det er så kjedelig syns jeg.

Vi kan være venner! Vi kan leke sammen, du og jeg.
Kom og rekk meg hånden, så går vi sammen på vår vei

Å være venner, å holde hender
Er sånn at du kjenner det gjør godt!

Det var veldig kjekt at Melkior og Kaspar var blitt venner som kunne reise sammen. Då var det ikkje så skummelt lengre. Då var dei to vismennene på veg til den nye kongen som skulle blir født. Dei hadde reist i mange dagar og hatt det veldig kjekt saman, då noko skummelt skjedde. Dei høyrte ein lyd. RRROOOOAAAARRR. Det var ein bjørn som låg og snorka. Me må ikkje vekkje den. Då vert den sint.

Bjørnen sover

Bjørnen sover, bjørnen sover
I sitt lune hi
Den er ikke farlig
Bare man går varlig
Men man kan jo, men man kan jo
aldri være trygg. - BRØØØØL

Bjørnen var på jakt, og kva skulle Melkior og Kaspar gjere? Då skjedde det noko kjempebra. Dei såg eit stort bål, og skunda seg mot det. Dei visste at bjørnene var redde for ilden. Der fekk dei enda ny venn, og det var han som hadde laga bålet. Han heite Baltasar, og han er ein vismann også. Han har sett noko på himmelen, og kva trur de han har sett? Han hadde sett stjerna, og han og ville følgje stjerna. Baltasar hadde og funne ut at den ville vise vegen til ein ny konge.

No var dei tre vise menn samla, og dei var veldig spent på kva som skulle skje. Ei så stor stjerne måtte bety at det var ein veldig viktig konge som skulle verte fødd, så han måtte nok bu på det største og flottaste slottet som finnast. Melkior, Kaspar og Baltasar veit at dei snart er kome til Israel, og dei veit det er eit flott slott i Jerusalem. Så det er nok heilt sikkert der dei skulle reise. Ingen av dei synes det var kjekt å reise om natta. Det var så skummelt., men no kunne jo dei begynne å reise litt om dagen sidan dei visste kvar dei skulle. Det dei ikkje visste var at det var i ein by som heitte Betlehem at kongen skulle bli fødd.

Julekveldsvisa

Og tel og med tre vise menn – dom rei i flere da’r

og ingen visste vegen og itte ’hen det bar,
men stjerna sto og blonke på himmelhvelven blå
så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå.

Då dei kom til Jerusalem gjekk dei først inn til kong Herodes. Han var konge i Israel, og vart veldig overraska over at det skulle blir født ein konge her. Det var jo han som var konge, og han ville ikkje at nokon andre skulle bli konge i staden for han. Han sa til dei tre vise menn at dei måtte finne den nye kongen, og så gi beskjed til han kor det lille barnet var. Dei tre vise menn fann fort ut at Herodes ville ha vekk den nye kongen, så dei ville ikkje sei noko til han.
                 Dei reiste vidare, og no reiste dei igjen om natta. Dei fulgte stjerna, og stjerna viste veg. Sjølv om det var mørkt ute, så lyste stjernene opp heile veien til ein stall i Betlehem

Det lyser i stille grender

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Dei tre vise menn var veldig overraska over at dei kom til ein stall. Det var jo det same som ein fjos, der dyra budde. Dei trudde den nye kongen skulle blir fødd i eit slott, men no var dei altså i ein liten stall. Og i ei krybbe der låg eit lite barn. Er det nokon som veit kva det barnet heiter? Ja, det var Jesus. Melkior, Kaspar og Baltasar hadde med gåver til han. Gull, røykelse og myrra. Dei forstod at noko spesielt var skjedd, og det er på grunn av det barnet i stallen at alle me feirer jul no.

Eit barn er født

 Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Tre kongar kom frå Austerland,
frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

 

 


Forfattar: Jostein Hauge
En stjerne skinner i natt: Eivind Skeie / Tore W. Aas
Skal vi vere venner: Bjarte Leithaug
Julekveldsvisa: Alf Prøysen
Det lyser i stille grender: Jakob Sande / Lars Søraas
Eit barn er født: Bernt Støylen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"