§ 7. Kandidatlister (vallister)
§ 7-1.
Lister med framlegg til kandidatar:
a. skal vera komne inn til leiaren av valstyret seinast 1. mai i valåret,
b. skal være eigenhendig underskrivne av minst ti røysteføre forslagsstillarar,
c. skal oppgje tydeleg:
• kva val det gjeld, med namn på sokn og valdagar,
• namna på forslagsstillarane, og eventuelt ha namnet på gruppa som overskrift
før namnet på kandidatane,
d. skal oppgje ein tillitsvald blant forslagsstilarane som valstyret kan venda seg til ved
drøftingar om listeframlegget,
e. skal ha kandidatar som er oppførte med heile namnet og alder, og – i den grad ein ønskjer
det eller det er naudsynt for å unngå forveksling – med adresse og yrke/stilling.
Kandidatane skal vere spurte på førehand,
f. bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn blant dei kandidatane som deter gjort
framlegg om på kvar liste,
g. skal ha kandidatane sette opp i prioritert rekkjefølgje,
h. bør ha minst 20 prosent representasjon av kandidatar under 30 år.
Alle kandidatlister må ha minst så mange ulike kandidatar som talet på faste medlemmer som
skal veljast, jf. kyrkjelova § 6 første ledd. Lista til nominasjonskomiteen skal minst ha så
mange ulike kandidatar som det samla talet på faste medlemmer og varamedlemmer som
skal veljast. Ei liste kan ikkje innehalde meir enn dobbelt så mange namn som talet på
medlemmer og varamedlemmer som skal veljast. Det er ikkje tillate å gje røystetillegg til
kandidatar (kumulering på førehand).
Som vedlegg til kandidatlista skal det følgja ei liste over fødselsdatoen til kandidatane, og
kontaktinformasjon til kandidatane. Dersom ein kandidat ikkje er ført inn manntalet som busett
i soknet, må det liggja ved dokumentasjon om at personen vil fylla krava til røysterett
og vera valfør på valdagen. Ein forslagstillar kan òg stå som kandidat på den same lista.