Kyrkjeleg fellesnemnd

Kyrkjeleg fellesnemnd er det rådet i kyrkja lokalt som har ansvaret for samanlåingsprosessen.

Kyrkjeleg fellesnemnd er vald frå fellesråda i Os og Fusa på same måten som kommunane har vald ei kommunal fellesnemnd. Fellesnemnda har fått vide fullmakter i sitt arbeid fram mot 2020.

Kyrkjeleg fellesnemnd valde Hans S. Vindenes (Fusa) som leiar og Arne Tveit (Os) som nestleiar for perioden fram til 2020.

Fellesnemnda er samansett slik (faste medlemer): Roald Samnøy og Hans S. Vindenes (Fusa). Arne Tveit og Anne Turid Bjørnevik (Os). Prost Kristin Litlere (for prestane/biskopen). Magne Djuvik (Fusa) og Marie Bruarøy (Os), frå kommunal fellesnemnd. I tillegg møter kyrkjeverjene Harald Geir Sæther (Fusa) og Gerhard A. Hansen (Os).